Skip to content

Kyrkje og kultur

Masfjorden prestegjeld vart skilt frå Lindås prestegjeld i 1876. I 1882 vart Solheim sokn skilt ut, og i 1930 vart Frøyset sokn skilt ut. Kvart sokn fekk etter kvart si eiga kyrkje, og desse tre kyrkjene er i full bruk den dag i dag. Men 1. januar 2020 vart Frøyset, Sandnes og Solheim s slegne saman til eitt Masfjorden sokn.

Det frivillige kulturlivet har alltid stått sterkt i Masfjorden, og ein har sett lag og organisasjonar av ulikt slag kome og gå. I 1980 vart Masfjorden musikkskule – seinare Masfjorden kulturskule – etablert, og den har synt seg å ha ein svært positiv effekt på dei kulturelle aktivitetane i Masfjorden. Spesielt gjeld dette tilboda til born og unge.

Artiklane nedunder fortel om ulike sider ved kyrkje- og kulturlivet i Masfjorden.