Skip to content

Glimt frå Sandnes kyrkje sitt 150-års jubileum

    Kyrkja ho er eit gamalt hus, skreiv Grundtvig, og Sandnes kyrkje er ei av dei aller eldste på desse kantar. Faktisk er det i heile Nordhordland betre to kyrkjer som er eldre. Begge ligg på Osterøy.

    Åra frå 1850 og utover mot slutten av hundreåret var ei stor tid for kyrkjebygging her på Vestlandet. Svært mange av dei kyrkjene me kjenner, er bygde nettopp i desse åra. Me kan nemna Lindås, Eivindvik, Alversund og vår eiga Solheim.

    Då masfjordingane i 1843 gjorde vedtak om å byggja ny kyrkje på Sandnes, var dei altså litt føre si tid. Hovudgrunnen til at dei valde å byggja ny kyrkje, var at den gamle var i så dårleg stand at det var rådlaust å vøla ho. Dessutan hadde ho alt i lang tid vore for lita for den store kyrkjelyden. Sandnes sokn omfatta den gongen det meste av det som i dag er Masfjorden kommune, og kyrkja på Sandnes var den einaste i Masfjorden. Det er ikkje vanskeleg å tenkja seg at det måtte verta trangt om plassen i ei kyrkje som ikkje var meir enn halvparten så stor som den som står her i dag!

    Det var full semje om at det måtte byggjast ny kyrkje på Sandnes, men det var usemje om kyrkja skulle byggjast i tre eller stein. Og det viste seg vanskeleg å skaffa dei midlane som trongst for å få kyrkja bygd. Folk syntest det vart for dyrt. Kvar bonde måtte både betala ein pengesum, levera materialar og vera med på pliktarbeid. Det tok difor eit par år frå endeleg vedtak vart gjort og til kyrkja sto ferdig, men den 12.oktober 1845 vart den nye kyrkja vigsla.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8
    1 23 ... 8Neste »