Denne døypefonten kom til Bergens museum i 1885, men er langt eldre. Truleg er han laga ein gong i det trettande hundreåret.
Det er berre sjølve fontskåla som er teken vare på. Stilk og fot er forsvunnen. Men forma på skåla er svært uvanleg og interessant: Veggane i skåla er tunne og fint hogne, og med ein svakt konveks form. Langs kantane er det ei flat, dekorativ dobbeltime.
Sannsynlegvis er fonten forma slik med forarbeiding i tre som førebilete.
Jonas Riisnes