Skip to content

Krigsåra

Krigen sette sine spor, også i Masfjorden. På Matre var det ein arbeidsleir for russiske krigsfangar. Dei grov ut store mengder med sand som vart sendt ut fjorden og til Bergen. Den store ubåtbunkersen på Laksevåg er bygd av sand herfrå.

Men det Masfjorden er mest kjend for, er nok at Masfjordfjella var staden der norske styrker etablerte ein base bak fiendeliner. Frå oktober 1944 og fram til krigen var over, heldt norske militære og frivillige til her oppe.

Artiklane nedunder fortel om ulike sider ved historia om krigsåra i Masfjorden.