Skip to content

Den gamle messehakelen

    Få i Masfjorden har visst om at me på Sandnes har ein meir enn tre hundre år gamal messehakel.

    Den vart ved eit tilfelle fun­nen av Agnar Areklett i ein skrothaug ved det gamle våpenhuset då dei restaurerte Sandneskyrkja i 1960-åra.

    Korleis den først kom til Masfjorden, veit me ikkje. Me veit heller ikkje kvar den har vore oppbevart i alle år til den hamna på skrothaugen der Areklett fann han.

    Areklett som skyna at det var eit heilt uvanleg funn han hadde gjort, gjekk neste dag til Bergen museum med hakelen, og ein konservator der sa med ein gong: «Dette er eit fransk stoff frå 1600-talet». Han gav kvittering for hakelen til Arek­lett, som nokre dagar seinare fekk telefon frå kunstindustri­museet i Oslo. Der hadde dei ved hjelp av mikroskopering av stoffet datert det til 1660. Ha­kelen er av ullstoff med eit mønster som er tydeleg den dag i dag, og fargen har vore purpurraud.

    Messehakelen heng i dag i prestegarden i Masfjorden, og vert teken vel varepå av sokne­prest Knut Sørheim.

    12.juni 1988 var den utlånt til festgudsteneste på Akers­hus slott i Oslo i høve 400-års jubileet for kong Kristian den 4.

    Både Dronning Margrethe og Kong Olav var til stades, og teologiprofessor Helge Fæhn som forretta gudstenesta, bar messehakelen frå Masfjorden.

    Hakelen vart også baren av biskop Per Juvkam under innvielsen av Sandneskyrkja etter fullført restaurering i 196O-åra.

    Jonas Riisnes