Skip to content

1995

Forord

I dette heftet kan du lese om korleis me i Masfjorden markerte og feira 50-årsjubileum for frigjeringa i 1945 og om 150 årsjubileum for Sandnes kyrkje.

Pastor Svein Kvamsdal har skrive om «Humor som Guds rike gåve» og her er meir frå franske Paul Bureau si skildring av Bergsvik frå 1904.

Arkitekt Henry Lie påviser at Matre hotellbygninga må vere Kjøpmannsstuen frå Bryggen i Bergen frå 1712.

Miljøvernleiar Tore Svendsen skriv om botanisk rapport frå Masfjorden frå 1909/1910, og han og Rune Garmann fortel om «Prosjekt Øystemma» på Holsøyna, med mellom anna fugleregistrering.

Det vert fortalt om dei fyrste meieri i Masfjorden og om skiping av mjølkelag i Nordbygda, og elles har pensjonistar og sogelagsmedlemer skrive om opplevingar dei har hatt sjølve eller hendingar dei har fått kjennskap til frå andre.

Utgjeving av «Fjon frå Fjell til Fjord» vart starta opp av Ragnhild Jung og meg i 1991. Ragnhild Jung vart sjuk i februar 1994 og eg vart avløyst som formann i Masfjorden sogelag i mars i år. Dette heftet vert difor det siste eg er med og står som ansvarleg utgjevar for.

Eg har funne arbeidet med desse hefta mykje interessant, og det har vore gledeleg at me kvart år har fått selt så pass mange at det har dekka trykkingskostnadene. Eg har difor god von om at »Fjon frå Fjell til Fjord» vil komme ut også dei komande år, med ny redaktør.

Eg vi takke alle som har hjelpt meg i arbeidet.

Det gjeld alle som har skrive og skaffa bilete, og det gjeld aller mest Rune Garmann som for alle hefta har stått for formgjeving og utskriving og Aud-Helen Virkesdal Daae som har skrive det heile på diskett. Utan deira heilhjarta innsats ville det ikkje vore mogeleg å få til Fjon frå Fjell til Fjord slik me har gjort.

November 1995

Jonas Riisnes.

Artiklar