Skip to content

Pensjonisttreff på Solheim

    Det har vorte tradisjon i Mas­fjorden at alle tre pensjonistlaga i kommunen har eit fellesmøte i året. Ansvar for å arrangere dette går på omgang mellom dei tre laga som er:

    Nordbygda pensjonistlag vart skipa 27. april 1980 med Martinus Daae Børnes som formann. Første opptakten til dette laget vart gjort av Ruth M. Daae på eit pensjon-sittreff helselaga arrangerte på Hosteland skule hausten 1979. Laget melde seg inn i Hordaland pensjonistlag 8. april 1981.

    Indre Masfjorden pensjonistlag vart skipa i 1982 med Johannes Vågseth som formann. Etter kort tid overtok Aslaug Matre og ho leia laget i l O år.

    Masfjordnes pensjonistlag vart skipa 19. juli 1984, med Johannes MJ anger som formann.

    I år var det Indre Masfjorden pensjonsitlag med leiar Magnus Bjørnevoll som ba til møte på Sol­heim fredag 29. april kl. 1500. Frammøte var godt med 130, av dei 35 frå Nordbygda. Spesiell post på programmet var tale ved Jacob Skarstein. Han kom med buss frå Bergen, og var invitert i samarbeid med Masfjorden folke­akademi.

    Programmet elles var svært rikhaldig med:

    •    Malena Matre (83) las eigne dikt
    •    Andakt ved Kari Sørheim
    •    Tale ved Jacob Skarstein
    •    Servering med full middag kjøttkaker m/tilbehør, kaffi og heimelaga blautkake
    •    Pause med høve til å prate med kjende
    •    Songkoret «Spleis», dirigert av Knut Vidar Garlid
    •    Meir dikt ved Malena Matre.

    Eit populært innslag i pausen

    var besøk av Sverre Hope frå Spa­rebanken Vest, som delte ut «Den gyldne spaserstokk».

    I alt 12 fekk stokken for første gong for å ha gått 20 turar. Åtte som fekk stokk i fjor, fekk i år bronsemerket, og sju som i år hadde gått for tredje gong, fekk sølvmerket.

    Bjarne Kvingedal, nestfor­mann i Masfjordnes pensjonistlag, takka for eit triveleg og godt møte.

    Det same gjorde Ruth M. Daae på vegne av Nordbygda pensjonist­lag, og ho ynskte alle velkomne til fellesmøte i Nordbygda samfunns­hus våren 1995.

    Det var Indrefjorden som første gongen inviterte til fellesmø­te på M;atre den 18. oktober 1985. Nordbygda fylgde på med felles­møte i samfunnshuset på Risnes 26. september 1986 og Sørsida i Fjon grendahus 25. april 1987. Det var såleis fjerde gong i år, at Indrefjorden skipa til fellesmøte for pensjonistlaga i Masfjorden.

    Jonas   Riisnes