Skip to content

Gamle setrar i ny bruk

    Der, nedanfor oss låg Nordkvingesetrane – raudfarga stølshus med kvite lister. Ja, dei passa så godt til kvarandre at ein følte at ein ikkje kunne ta bort ei einaste stølsbu utan at det gjekk ut over heilskapen.

    Me hadde no ikkje tenkt oss på stølsbesøk, Marit, Aslaug, Aleksander, Tom og eg. Me skulle berre «samla poeng» frå posten på Klefjellet. Det var på turen opp dit at me «snubla» over setrane.

    Turen vart heiden i byr­jinga  av september.  Bil innover langs Kvlngedalsvatnet til tunet hans Gottfred ; så på fin sti bratt opp til Blådalsvatnet. Langs vatnet på flate skarv til austenden der Klefjellet ris opp. Vidare nordover eit par km opp i eit skard og så hadde me Nordkvingesetrane rett mot oss.

    Turen på Klefjellet gjekk greitt, men på nedturen «måtte» me bortom setrane. Me kikka oss rundt. Alt var like velstelt og ve-halde. Framfor ei av setrane slo me oss ned ved eit steinbord og åt nista vår. Sola tok til å gla i vest og sende desse varme raude solstrålane som er så fine om haust­en – ikkje ein vindpust på Setretjørna, alt var fylt med ei slik stille ro som gjer at ein gløymer tid og stad…

    Seinare har eg tenkt mykje på desse setrane. Dei må då vera mykje brukte sidan dei er så vel­haldne ? Eg fekk nyss om at ein av eigarane skulle vera Sigmund Solbakken, vaktmeister og vedlikehaldsmann på Nordbygda skule. Eg tok kontakt med Sigmund, og enden på visa var at eg vart invitert opp på setra hans ei helg i byrjinga av oktober.

    Søndag første oktober. Regn og væte all stad. Ikkje lett å få turfølgje på ein dag som denne, nei ! Men eg hadde avtale med Sigmund Solbakken at eg skulle få sjå på setra hans.

    Regndropane slo mot jakka då eg rusla oppover frå Kvingedalen, same veg som sist. Stien var blaut og sleip å gå. Stundom stoppa eg opp og såg meg om. Så stilt det var. Berre ein stille sus frå bekker og elvar. Oppe ved Blådalsvatnet hadde snøen lagt seg. Stien vidare oppover var løynt av snø. På Gummaleitet fekk eg det første glimtet av setrane att. Skarv og bøar var dekte av snø, men elles var alt som sist gong eg var her.

    Utanfor den næraste setra sto ein person og vinka. Det var Åshild, kona til Sigmund. Eg var ikkje sein om å skunda meg ned. Godt å få koma i hus!

    Sjølve setra såg ny og velstelt ut : raudmåla som alle dei andre. Ei lita låg dør førde inn i ein gang med to køysenger på nordveggen. Så, ei ny dør inn i sjølve «skuten». Her var det to nye køysenger, eit lite kjøkken på motsett side. Og til slutt, lengst i aust, låg «nyestova». Denne hadde to vindaugo og var noko lysare enn dei to andre romma som berre hadde eitt vind­auga kvart.

    Me slår oss ned i nyestova. Det gjer godt å få av seg våte labbar og få tørka seg framfor omnen. Eg har ikkje før fått tørka meg før Åshild kjem inn med ei diger gryte med betasuppe ! Me sit og drøser medan me et. Det knest litt i omnen og får ein i den særle­ge stemninga som en berre opple­ver i ei stølsbu.

    –  Er de ofte på setra ? ville eg veta.

    –  Ja, ein må vel seia det. I frå vårparten er me her mest kvar helg.

    – Og kvifor så ofte?

    Sigmund dreg litt på det.

    – Det er vel rett og slett fordi me trivst slik å vera her. Her finn me det me treng: fin natur, ro og avkopling frå all slags mas og kav, turterreng rett utanfor døra. Dessutan har me sauer som me ofte er og ser om.

    –  De har laga ei ekstra stove som høver godt til resten av hytta. Tenkte de på dette når de bygde stova, eller ?

    Åshild smiler litt og kikkar bort på Sigmund og svarer:

    –  Det er vel ikkje mange stover som har vorte teikna, omarbeidd, forkasta og teikna på nytt fleire gonger  enn   denne   stova.   Først tenkte me oss ei stove som gjekk på tvers  slik  at ho  danna  ein vinkel på resten av setra, men na­boane tykte ikkje om det, så me enda med den stova du no ser.

    Eg ser meg rundt i nyestova. Nydeleg trepanel, ein fin omn, ein sofa og eit spisebord. Alt er nytt, men likevel høver det så godt til resten av setra. Medan me sit slik og småpratar ser me ein kar utan­for glaset. Det tek i døra, tuslar i gangen, og inn kjem ein mann «i sin beste alder», spenstig og tunn, ein skikkeleg fjellkar med andre ord.

    Det var Alf Kvinge.

    –  Her har du ein som er her mykje oftare enn me, seier Sigmund.

    –  Og kor ofte er det, då? vil eg vita.

    –   Eg meinar eg har vore her rundt tretti gonger sidan i vår, var svaret.

    Sidan Alf tydelegvis har vore her så ofte og så lenge, kan det vera interessant å få høyra korleis det var her i eldre tider. Eg har funne fram eit fotografi der seter­buene låg på ei lang rekkje, mest som eit buktande «rekkjehus».

    – Eg ser det er torvtak på setra­ne, seier eg og viser han biletet, – hugsar du at det vart brukt torv­tak ? vil eg veta.

    –  Ja, eg hugsar til og med at torva (og nevra) blei skifta, det var forresten desse torvtaka som gjorde at setrane kom i forfall. Gjekk det hol på eit slikt tak var det ikkje mange åra før seterbua rotna ned.

    – Er det spesielle ting du vil fortelja om frå gamle dagar?

    – Då trur eg at eg vil nemna «seterhelgane» her på setra. Ei helg ut på seinsommaren samla ungdomen seg her på setra. Det var ikkje noko spesielt program for denne helga. Kanskje var det meir ein   trong   for å oppleva noko saman. Det var stuvande fullt i seterbuene då. Folk låg på benker og golv, så det var mest uråd å gå inn l setra utan at ein trakka på ein arm eller ein fot!   Desse setrehelgane starta i trettiåra og var særleg populære under krigen, naturleg nok.

    Eg får lyst å ta ein tur bortom setra hans Alf, så me ruslar bort­over i snøslapset. Inngangen er i gavlenden – rin liten gang med hellelagt golv. Så sjølve skuten og endeleg stova i enden. Eg kan sjå likskapen med bua til Åshild og Sigmund, men denne bua er nok eldre. Tømmeret i veggane er øksa, og lyset har gjort det mørkebrunt. Eg kjenner at her er eg i ei rotnorsk stove. Dei små vinduaugo gjev litt lite lys, så i innerste stova er det laga ein ljore (i glas) i taket.

    Golvet er ikkje mindre imponer­ande. Først ser det litt rart ut, men det er vanskeleg å seia kva som er rart! Så legg ein merke til at golvborda ikkje er like breie i heile lengda. Dei er kona, dvs. smalnar av. Borda blei så lagt om­vendt slik at ein smal ende blei lagt til ein brei.

    Denne ujamne byggjemåten er også ein gamal byggjetradisjon i følgje Alf. I inste stova står dessu­tan ei fin gamal seng, ei retteleg stølsseng!

    Nei, tida går, og me lyt heimatt Veret har betra seg litt. Det regnar i alle fall ikkje. Det er med ei litt vemodig kjensle me ruslar på heimveg. Oppe på Gummeleitet ser me ned på setrane for siste gong. Me tek stien nedover til Nordkvingo, passerer gamle utslåttar og tufter eller uteløer.

    Like føre me skal ned til Nordkvingo tek me ein siste rast og ser utover Fensfjorden. Lauvet tek til å gulna. Det går mot mørkare tider.

    Takk for turen alle saman !

    Lars Gunnar Lie