Skip to content

Gravplassar og gravferder i Masfjorden

    Ein må gå ut frå at den fyrste gravplassen som vart tilrettelagd her i Masfjorden, var ved Sandnes kyrkje, som då var annekskyrkje under Lindås. I fylgje Masfjordboki måtte dette vera ein gong på 1300-talet.

    Dei fyrste gravplassane vart kalla kyrkjegardar, tru­leg for dei dei vart lagde att­med kyrkjene. Dette var ogso ei tenleg ordning, etter som dei som søkte kyrkja til gud­stenester, på same tid kunne vitja grava til sine døde.

    Frå dei ymse bygder i kommunen kunne det verta store avstandar fram til denne einaste gravplassen på Sandnes. Meinis inne i fjord­en, og uver av ymse slag, kunne skapa store vanskar for gravfylgjet, etter som det i den tida var robåtar, trekeipingar og firkeipingar som vart nytta. Det vart såleis trong for å planlegga fleire gravplassar.

    I Amundsbotten like sør for Sandnes vart det 3.6.1849 vigsla ein såkalla kolerakyrkjegard, men denne vart aldri nytta til dette føremålet. Den vart nytta som hjelpekyrkjegard medan det vart føreteke ei omvøla på Sandnes kyrkjegard.

    Solheim kyrkjegard vart vigsla av prost Hveding i 1862. Den 17.4.1908 vart Frøyset kyrkjegard vigsla. Gravplassen på bruket Van­gen i Indre Haugsdal vart godkjend av soknestyret 29.10.1918. Skjerjebakken gravplass ved Mjangersvågen vart vigsla av sokneprest Si­gurd Berg 20.10.1920. Så til slutt kom det søknad frå Hosteland 16.5.1929 om gravplass der.

    Dette med gravlag veit dei yngre generasjonane av i dag lite om kva det var for noko. Truleg var denne institusjo­nen fleire hundre år gamal. Gravlaga var skipa for å sikra at der alltid var folk nok til å føra den avlidne fram til grav­plassen og til å få vedko­mande gravlagd. Det var na­boane til den avlidne som då måtte syta for at dette vart gjort. Kommunikasjonen her i Masfjorden var for det meste sjøvegen, og då i robåtar av ymse storleik. Til desse trongst det mange handfaste karar som høyrde til gravlaget. På gravplassen vart kista med den avlidne førebels sett til side, på ymse gravplassar på ei stor stein­helle, som var lagd til rette til slikt bruk. Ei slik svær stein­helle ligg framleis på den gamle (men no så forsømde og gløymde) hjelpekyrkjegarden i Amundsbotten like ved Sandnes skule.

    Her var ikkje fast tilsette gravarar i denne tida, så då var det gravlaga som måtte gjera denne jobben.

    Slike gravlag var truleg å finna i kvar einaste grend i Masfjorden.

    På Kvingo, her eg høyrer heime, var det eit gravlag på Sørkvingo, og eit på Nordkvingo. Dette siste femnde om sjølve Nordkvingegarden (hovudbruka), Kvingebakken og Kvingedalen, då alle desse sokna til same sjøstrand med naust, og seinare dampbåtkai med post.

    Sume huslydar på Sørkvingo gravla sine døde ved Myking kyrkja i Lindås, så seint som i min barndom. Dette var vel ein skikk eller ein leivning etter tidlegare tider då dei same sokna til denne kyrkja.

    Desse gravlaga i si gamle form ebba ut etter kvart, men framleis låg der eit økonomisk ansvar på desse laga i mange år framover. Det var såleis laga som skulle kosta den døde i grava. Dette med transport av kista og gravferdsfylgje fram til grav­plassen, og likeså å betala gravaren, var vedkomande gravlag sitt ansvar. No er alt dette slutt, etter at dei pårørande og det offentlege tok over kostnaden med grav­legging.

    Det fyrste som måtte gje­rast når ein i nabolaget var død, var at ein av dei pårørande gjekk frå hus til hus og «bad i begravelse». Dette måtte gjerast med an­dakt og ærbødigheit, og ved­komande måtte gjeva seg god tid. Som oftast var det ein av kårfolka (gamlefolka) som var død, og folk ville gjerne veta kva, og kor lenge dei hadde kontakt med vedkomande før han eller ho slokna.

    Her i gravlaget på Nordkvingo vart dei bedne to frå kvart hus. Dertil vart dei bed­ne slektningane til den avlid­ne frå fjern og nær. Såleis kunne dette til sine tider verta store gravferdsfylgje. Tilrei­sande slektningar kom ofte ein til to dagar i førevegen, og desse måtte då innhysast, og då ofte hjå naboar, som måtte vera budde med ei hjelpande hand.

    Til ei gravferd, med så mykje matståk, trongst det alltid ei kunnig kokke. I min barndom var det ho Maria på Næset frå Sandnes som var kokka i dei fleste gravferder på Elvikstranda.

    Det vart heller mykje eting slike dagar. Når folket var møtte fram, så pålag kl. 10.00 på føremiddag, vart det ser­vert kaffi med brødmat attåt. Så var det middagsmat når folket var komne heimatt frå kyrkja eller gravplassen, etter det nonsmat – eit kaffimåltid med finare brødmat attåt, og så seint på kvelden vart det servert graut – ein slags mel­lomting mellom mjølkegraut og rjomegraut.

    Ofte gjekk klokka fram til 12 før gardsfolket kom hei­matt frå slike lag. Etter fyrste matykta føre middag vart kis­ta med den døde boren fram i tunet, der det vart halde ei andakt og så minnetalar av ymse slektningar og naboar. Kista var pynta med granbar og kransar. Ein krans måtte der alltid vera frå det tilhøyrande gravlag. Ofte var det læraren i vedkomande grend som held andakta. Så vart kista boren eller køyrd fram til bryggja der fartøy låg og venta for vidare reise fram til kyrkjegarden.

    Ut frå tunet gjekk der to mann føre kista og song ei gravsalme. Der vart også sunge ei salme av heile gravfylgjet då båten gjekk frå bryggja.

    Folk som ein møtte på vegen stansa, tok huva av, snudde seg mot fylgjet og fol­da hendene. Når båten gjekk ut vågen, sto der folk på hau­gane og vinka med kvite lom­medukar. Det vart alltid synt stor vyrdnad for den som var byrja på si siste reis.

    Her på Kvingo var det den skikken at medan gravfylgjet var på Skjerjebakken, vart alle borna på garden bedne inn til eit matmåltid. Her vanka det då ymse mat som ikkje var noko kvardagskost. Me fekk vittenbergskjever med brunost på, julebrødskjever med sukker på, og dertil lefser av ymse slag.

    Dei som skulle stella til grav­ferd måtte gå kringom på gar­dane og låna kjørl og koke­kar. Her var ingen institusjonar på den tid som leigde ut slike ting. Det kunne ofte verta eit problem å få desse lånte kjørla på rett plass, når dei skulle berast attende. Eit kvende med klårt hovud måtte alltid halde greie på «kva var kva, og kvar var kven sitt».

    Når gravfylgjet kom at­tende frå kyrkja eller grav­plassen, vart det servert mid­dag. Dette var i dei fjeste tilfelle sosekjøt, altso oppskore bruna og kokt kjøt som flaut i mykje sos. Etter maten var ein eller annan fruktdessert. Pålag med nonstider ell­er litt seinare var det eit kaffimåltid.

    No var det god tid fram til kveldsgrauten. Denne stunda vart nytta til andakt og samrøda. Sume råka her på gamle kjenningar, så då vart det alltid mykje å tala om.

    Alle som kom frå gravlaget i grenda, hadde med seg nysilt mjølk og rjome. Dette skullle vera som eit slags «tilslagsmateriale»  til kvelds­grauten. Spanna som denne mjølka og rjomen var boren i, vart fylte med ymse koste­lege matvarer, noko som fo­reldra skulle hava med seg heimatt til borna. Denne matporsjonen vart kalla «Nøring». Me borna fekkk ikk­je blund på augo før mor og far var komne heimatt med denne nøringa.

    Tanken bak det heile var at ingen skulle svelta slike dagar.

    Denne skikken var også å finna andre stader på Vest­landet. Så seint som i 1955 høvde det seg slik at eg vart med i ei gravferd i Bremanger kommune i Sogn og Fjor­dane. Då fekk eg slik nøring med meg heimatt til borna.

    Fyrste gravferda eg hugsa til, var her hjå næraste gran­nen vår på Nordkvingo. Ei dotter i huset var død, tretten år gamal. Ho døydde 13.okt. og vart gravlagd 20.okt.1920. Det vart ein dag med strålande ver.

    Ho var den fyrste som vart gravlagd på Skjerjebakken ved Mjangersvågen. Eg hugsa ho- låg i ei svart kiste, og dette vart både fyrste og siste gongen eg såg ei svart kiste. Kistene i den tida vart alltid laga på dugnad av snikkarkunnige naboar i gravlaget.

    Ein må rekna med at dei same gravferdsskikkane var å finna over heile Masfjorden herad.

    Eivind Kvinge