Natur

Naturen i Masfjorden er mangslungen. Her finn ein kyst- og fjordlandskap, her finn ein kultivert jord og skog, her finn ein høge fjelltoppar og opne vidder. Og over alt finn ein vatn, elvar og vassdrag, større eller mindre.

Masfjordingane har i alle år hatt nytte og glede av naturen, både som næringsgrunnlag og til kveik og glede i ein strevsom kvardag. Det er soleis ikkje å undrast at masfjordingen sitt nære tilhøve til naturen kjem fram både direkte og indirekte i mangt av det som er skrive.

Artiklar