Skip to content

Den siste viking i Kalvedalen

    Sæterdrifta er av gamal dato i landet vårt. Ved siste århundreskifte var det kring 144000 sætrar (stølar) i Noreg. Truleg var dettte talet endå høgare noko tidlegare. Men frå denne tida tok det så smått til å min­ka med sæterdrifta dei fleste stader, og dette skuldast dei nye og meir rasjonelle drifts­formene i jordbruket som etter kvart kom.

    Det var særleg dal- og fjell­bygdene på Austlandet, og fjord- og fjellbygdene på Vest­landet som nytta sæterdrift.

    Masf orden herad med sin fjellheim og tilstøytande fjell­område austanfor var typisk sæterregionar, og for dei som hadde eigen fjellhage, og stutt veg til sæters, må ein rekna med at sæterdrifta tok til alt i 1740-åra. På garden Nordkvingo byrja dei med sæterdrift truleg kring denne tida. Gamle materialar som er nytta oppatt i stølshusa, ombygde før siste hundreårsskifte, tyder på det­te. Her finn ein naglehol og slitasje av tidens tann i eldgamalt tømmerlaft.

    Ymse bruk på gardane Hodneland og Sæverås i Lindås hadde sætrar i eigen fjellhage austanom Kvingefjella. Desse folka hadde lang veg til sæters. Dertil var vegen sers bratt og kronglut på sine stader. Fyrst vart buskapen transportert i båt over Austfjorden fram til ei vik i Nordkvingevågen som kallast Holo. Herfrå byrja den 10 -11 km.lange turen til Kalvedalen. Turen tok på lag 6 timar. På varme dagar kunne denne turen opplevast som eit einaste sveittelaug. Etter på lag l km. kom buferdsfylgjet like framom Nordkvingegarden. Frå Heibotten, noko lenger fram­me, byrja oppstigninga for godt. No bar det over Husefjellet, framom Blådalsvatnet, Gummeleitet, Nordkvingesætra og til Blområsa. Herfrå skulle fylgjte få ein elddåp – i ordets rette forstand – ved Storevasseggene, der lendet stig frå 375 til 630 m.o.h. inne ved Råsna. Her er vegen berre reinvaska berg. Med solsteik i ryggen var dette som å vandra i ein bakaromn.

    Frå passhøgda Råsna, vida­re innover langs vestsida av Storevatnet, og fram til Kalvedalen, er landskap og lende slik at eg treng ikkje ramse opp noko detaljnamn. Her er det nemleg at «Vindsusen syng kvar linnversnatt», så eg har gjeve det samnamnet Fjell-Noreg.

    Ein av dei som bygde sæter i Kalvedalen var Berge Martinusson Hodneland, i dagleg tale på Kvingo kalla «Hødlands-presten». Her er hans vita:

    Berge M.Hodneland var fødd 15. sept. 1881 på b.nr. 2 på Hodneland. Han var den siste i ein syskinflokk på sju. Han gjekk misjonsskule og språkskule 1903 og 1908, og vart så ordinert til misjonsprest i 1908. I åra 1910 til 1932 var han misjonær på Madagaskar. Han var gift i 1912 med Aagot Malene Bredal f. 1890 d. 1915. Vart attg. 1925 med Betty Wilh.dtr. Wexels Madsen f. 1893, d. 1945. Med fyrste kona hadde han 2 døtre, Orlaug f. 1913 og Aagot f. 1914, d. 1947. Med siste kona hadde han fire sø­ner og ei dotter. Dei tre fyrste borna: Orlaug, Aagot og Wil­helm Andreas var fødde på Madagaskar, dei fire siste kom til verda på Hodneland.

    Hødlandspresten var fødd og oppvaksen på br.nr. 2 på Hodneland, av foreldre Marti­nus Monsson Mjanger og Olina Nilsdtr. Hodneland. Dette med hugen til jorda, til husdyr og sæterdrift, fekk han liksom inn med morsmjølki. Like frå han var 2-3 år gamal, var han med mor si om sumrane i Kalvedalen. Dette må ein kunna seia var ein barnehage der Vårherre sjølv var styrar.

    I 1910 fekk Berge tildelt eit stykke jord frå br.nr.2 heimebruket. Dette stykket fekk br.nr. 8, og vart kalla Sekkjena. Her dreiv han med mest alle slags husdyr. Der var kyr, sauer, geiter, gris, høns, en­der, gjæs og kalkun m.m. Ogso nede på Madagaskar dreiv misjonspresten med ymse slags husdyr. Nå hadde bruka på Hodneland lite heimebeite for buskapen.

    Eg kan hugsa ein sumar at Hodneland flytta til sæters 15. juni, og bufærda heimatt det året vart ikkje før 11. sept. Dette vart ei sætertid på 88 dagar, altso mykje lenger tid enn det som var vanleg på Kvingegardane.

    Hødlandspresten bygde eiga sæter i Kalvedalen i 1928. Det var folk frå Kvingo og Kvingedalen som tok på seg transport og bygging. Her oppe vart det så drive med kyr frå 1928 til 1970, altso lenge etter at det var slutt med sæterdrifta i an­dre kringliggande fjellområde. Dei siste åra var det Helene, yngste dotter til presten, som hadde ansvar for sæterdriftra. Ho driv framleis med sauer i Kalvedalen.

    Når me i tidlegare år var på Nordkvingesætra om sumra­ne, kunne me oppleva å sjå Hødlandspresten borte på Myrberghaugen, undervegs til Kalvedalen, og då med ei tung bør på ryggen. Me liksom fylg­de han med augo, etter at han hadde teke fatt på Storevasseggene, i steikande ettermid­dagssol. Kvar tok han kreftene og drivkrafta frå, tru, denne gamle mannen ? Då kunne ein jubla i hjarta noko slik: ,»Å du Fiell-Noregs trauste son»!

    Dei siste 2-3 sumrane Hødlandspresten var i Kalvedalen, tok han fly opp, og så gjekk han til fots nedatt til Kvingo. Siste gongen han var oppe, det var ettersumaren 1967, då hadde han med seg eine sonen. Dei hadde teke fly opp, og så tok dei gamlevegen til fots nedatt til Sørkvingo.

    Ved Gjeljebakken i Sørkvingevatnet hadde dei liggande robåt, men så rauk det opp med storm på vatnet så dei måtte taka land i ei vik kalla Edne. Herfrå tok dei seg fram gjennom utmarka til Sørkvin­go, der dei fekk hus hjå Ola Brendsdal og kona. Dei var då i ein forkommen tilstand.

    Det var aldri vanskar med å få husrom for Hødlandspresten på Kvingo. Her hadde han vener over alt. På Nordkvingo hadde han eit syskinbarn, som i dagleg tale vart kalla ho Severin-Marta. Her rasta han ofte, undervegs opp eller heim frå Kalvedalen.

    Eingong sa ho Marta dette til han: «Du vert no vel liggjan­de oppi Kalvedalen te slutt du Berje, slek so du fær». «Ja, korfør ikkje, oppi Kalvedalen skudle det vel væra ein roleg plass å få si siste kvila», svara Hødlandspresten. Ein kunne tenkja seg at ein mann av hans ambisjonar ville føretrekkja å veita lagd i vigd jord, men her var det nok andre kjensler som spela inn. Oppe i Kalvedalen der han som barn hadde vore saman med mor si fleire sum­rar, og der han so mange gon­ger hadde kjent varmen frå mor sine hender, der, og nettopp der, var det i sanning den av sjølve Skaparhanda vigde jord. Etter at Hødlandspresten vende heimatt frå misjonsmarka, styrde han tur om anna, ymse soknekall i Nordhord­land. Såleis var han ofte å møta på vegen, til eller frå slike kyrkjelege tenester. Her i grenda var han mykje nytta til å forret­ta i brudlaup og gravferder.

    Granneheimen, forsam­lingshuset på Sørkvingo, var det fyrste bedehuset som vart bygd i Masfjorden. Det var mi­sjonsprest Hodneland som pinsedag 1927 viglsa huset til dette bruk.

    Hødlandspresten døydde laurdag 8. februar 1969, og vart gravlagd laurdag 15. feb­ruar. På førehand hadde han sagt frå kven som skulle vera i gravferda.

    No kviler han i heimbygdi si jord ved Myking kyrkje i Lin­dås: Misjonæren på Madagas­kar – bondesonen frå Hodne­land – DEN SISTE VIKING I KALVEDALEN.

    Eivind Kvinge (?)