1991

Forord

Dette sogeheftet om Masfjorden er vorte til i samarbeid mellom Masfjorden sogelag og Masfjorden mållag som er 100 år i år. Dei to laga har fått god hjelp hjå pensjonistar som har skrive om eigne opplevingar og mangt dei hugsar frå oppveksten på heimegarden. Me får skildra gardsdrift, seterdrift og sildefiske i gamle dagar.

Det er teke med litt om korleis me i dag prøver å ta vare på minna om folkelivet i bygda, og om korleis me vil gjere kunnskap om kultur og næringsliv tilgjengeleg for turistar og andre interesserte. Me vil peike på det viktige arbeidet som vert gjort for å etablera museum i bygda vår, både av einskilde eldsjeler, og i organisasjonssamanheng.

Ein prolog og nokre dikt har også fått plass.

Ragnhild Jung har vore hovudansvarleg for utval av stoff og Rune Garmann for formgjeving og utskriving — med god hjelp av Aud-Helen Daae.

Desember 1991.

Ragnhild Jung                          Jonas Riisnes

Artiklar