Skip to content

Gardsmuseum i Trodalen

    Olav S. Trodal har på garden sin eit heilt spesielt hus der han i dag har eit rikhaldigt gardsmuseum.

    Sjølve huset er frå 1820 og har to fulle etasjar i ei lengd som gjev plass til to stover, eit kjøkken og eit tilbygg etter kvarandre. Huset er bygt i det ein kan kalle austlandsstil. Idéen fekk oldefaren, Hans Matre, då han var i militærteneste ved svenskegrensa i 1814.

    Tre masfjordingar var den gongen austpå, og det vart bygt 4 slike hus i Indrefjorden då dei kom heimatt. I tillegg til huset i Trodalen står det framleis eitt på Matre og eitt på Hogsvær. Det er i tilbygget Olav S. har museum med ei svært så mangfaldig tingsamling. Kulturstyret i kom­munen har vist interesse for samlinga og har lø­yvd midlar til både reparasjon av huset og til alarmanlegg.

    Også Fylkeskonservatoren har gått inn for å berge samlinga for ettertida. I juni 1991 var to mann frå fylket i Trodalen i tre veker og utførde gjenstandsregistrering/museumskatalogisering. Nesten tre hundre gjenstandar vart registrerte, og dette er omlag halvpar­ten av det som er der. Registreringsarbeidet er planlagt å fortsette i 1992.

    Samlinga er tatt med i oversikt over Norske museum på lands­basis, og har der fått signaturen OTS-samlinga.

    Det er nesten utruleg for eit breidt felt denne samlinga spenner over. Mellom anna finn ein tekstilar som klede, dukar og sjeldne teppe, eit rikt utval av kister og skrin, nesten alle mulige sortar verktøy, kjerald, reidskapar og maskiner, og alt ein trengde for å kunne kara, spinne, renne og veve. Av fangstreidskapar finst det ei sjelden fangstong for storvilt som ulv, gaupe og jerv, ei svanehals-revesaks og to fotsakser.

    Olav S.Trodal har ofte besøk av folk som vil sjå samlinga hans, og i turistguidar for Nordhordland står det at omvisning kan avtalast over telefon 366233.

    Jonas Riisnes