Skip to content

Gards- og seterdrift

Dei fleste som kjem frå Masfjorden, kjem frå ein gard. Gardsbruk har det vore i alle delar av kommunen, frå dei ytste øyane og heilt opp mot snaufjellet. Landskapet i Masfjorden ber preg av dette den dag i dag, med gardstun blant bøar og bakkar.

Også ressursane i fjellet var tekne godt vare på. Om somrane gjekk buskap – kyr, geiter, sauer – i fjella og gjorde seg godt av dei frodige fjellbeita. På den måten kunne ein ta vare på fòret på heimegarden til bruk om vinteren. Og for å sikre seg mest mogleg mat til dyra om vinteren, slo ein gjerne også på slåtteteigar rundt om i utmarka.

På denne måten tok folket i Masfjorden vel vare på dei ressursane dei hadde tilgjenge til, og skapte ein arbeidskultur basert på dette. Nedunder finn ein peikarar til artiklar som handlar om dette.