Skip to content

Songar og dikt

Dersom einkvan spør ein masfjording om vedkomande kan Masfjordsongen, risikerer ein å få fylgjande tilsvar: «Kva for ein masfjordsong tenkjer du på?» For det finnest fleire.

Dette mangfaldet kan stå som eit uttrykk for at Masfjorden har rikeleg med store og små diktarar som har late seg inspirere til å setje ord på papir, og å gjere andre kjend med desse orda. Produksjonen er både omfattande og mangslungen, og alle sjangrar er godt representerte. Ein finn enkle viser, av og til knytt til spesielle personar eller hendingar, ein finn religiøse tekstar, og ein finn alt imellom.

Nedunder er peikarar til ein del songar og dikt som er blitt presenterte i «Fjon frå fjell til fjord». Og det er mykje meir å ta av.