Skip to content

Næring og industri

Tradisjonelt har folk i Masfjorden livnært seg av det jorda, skogen, fjellet og fjorden ga. Men frå gamalt av har også vasskrafta vore ein nytta ressurs – fyrst til å drive kverner og sager, seinare til å produsere elektrisitet, både i stor og liten målestokk.

I dag vert langt det meste av elektrisiteten som vert produsert i Masfjorden, send ut av kommunen og nytta andre stader. Men i starten vart det stort sett produsert straum til eige bruk, mellom anna til litt småindustri.

I dei sinare tiåra har fiskeoppdrett blitt ein næringsveg for mange. Og på Matre har oppvarma kjølevatn frå kraftstasjonane der skapt grunnlaget for eit sterkt fagmiljø innan fiskeforskning.



Artiklar