Skip to content

Stadnamninnsamling i Masfjorden

    Innsamling av stadnamn i Masfjorden er noko det har vore arbeidd med i lang tid.

    Før krigen vart det gjort skulebornoppskrifter i listeform som finst på Nordisk Institutt ved Universitet i Bergen (UNB), og det er laga kartotekkort over namn henta frå eldre kart. I 1953 laga Daniel Dvergsdal 816 kort som er kartfesta for Masfjorden og Fensfjorden.

    I 1980-åra laga fleire gym­nasiastar frå Masfjorden særoppgåver om stadnamn i heimbygda si.

    11980 byrja Masfjorden mål­lag å registrere namn på lister med karttilvisning og viktige opplysningar. Førsteamanuensis Oddvar Nes heldt då eit rettleiingsmøte på Nordbygda sku­le. I fleire år samla Mållaget inn namn på lister og mykje arbeid vart gjort, spesielt i Nordbygda, Andvikgrend og i ein del av Indrefjorden.

    Men desse namna vart ikkje kartfesta med nummer slik for­skriftene krevde, og heile arbei­det stoppa etter kvart opp.

    På initiativ frå Fylkeskommu­nen i mars 1987, skulle det takast eit krafttak for å få gjort ferdig stadnamninnsamlinga. Masifjorden kommunen fekk då tildelt lærar Odd Helge Birkestrand som sivilarbeidar i 14 månader for at han skulle prøve å fullføre arbeidet. Han tok til i april 1988 og arbeidde fram til juni 1989.

    Då han slutta var det fleire gardar som hadde fått tilsendt kart og lister med oppmoding om å skrive opp og kartfeste namn — og som ikkje hadde levert desse attende.

    I oktober 1990 tok Masfjorden Sogelag på seg å føre stad­namninnsamlinga vidare.

    Totalt er no ca.60 kartblad ferdige og det er ca.7000 namn som er førde på eigne lister for kvart einskilt kart og gjevne nummer som er påført kartet. Namna skal også lesast inn på lydband, og 26 kart med lister og lydband vart leverte Nordisk Institutt i juni i år. Nordisk Institutt lagar kopiar av det heile som me får i retur. Kopi av dei leverte listene og lydbanda har me alt fått att, medan kopi av karta vil koma seinare.

    Det står att ein god del namn å lese inn på lydband og for ein del kart er det heller ikkje samla inn namn enno. Fleire av desse er over fjellområde, og 13 av karta er det uvisst om me kan skaffe.

    Sogelaget reknar med å ha heilt avslutta namninnsamlinga våren 1992.

    Talet på namn som er samla inn på dei ymse gardane er svært ulikt, og det tyder nok på at mange stader rundt om på bøar og i skog og mark, er ikkje dei gamle namna i bruk lenger. Eit par unntak har eg lyst å nemne.

    Laura Skuggedal på Kalhovda hugsa svært mange namn på dei to gardane, Stykket og Nystykket. Og Marta Herøy hugsar namn på ikkje mindre enn 15 åkrar på Mollandsøyna. Dette tyder vel på at ikkje alle åkrane har vore så store, og «tauseåkeren» har truleg vore tenestegjenta sin litle lapp.

    Dersom skuleelevar og andre i framtida ynskjer opplysningar om namn på dei ymse gardane i Masfjorden, så vil alt innsamla materiale vere tilgjengeleg i det brannsikre arkivet til museet på Sleire.

    Jonas Riisnes