Skip to content

1994

Forord

Dette heftet er det fjerde av «Fjon frå Fjell til Fjord», og denne gongen er det berre sogelaget som står bak. Ragnhild Jung, som re­presenterte Masfjorden mållag, vart diverre råka av slag i februar i år. Difor har eg i år vore åleine om å samle inn stoffet, men med god hjelp av Lars Gunnar Lie og Eivind Kvinge.

Året 1994 vil i Masfjorden først og fremst verte hugsa som det året Hans Majestet Kong Harald V kom til Matre for å opne Bjørn West-muséet og for å feire 50-årsmarkering for oppretting av Bjørn West-basen.

Med her er kongens tale og ord­føraren sin tale, og den prologen Erna Osland laga for kongen og Bjørn West-veteranane. «August Rathke på gamle tomtar» er også eit 50-årsminne frå Masfjorden under krigen. Det same kan seiast om det feltprest Roal Hedegaard Jacobsen skriv om prestetenesta i Bjørn West.

Johannes Hope har skrive dikt om Bjørn West 1944-45.

Rolf Kvamsdal fortel mykje in­teressant om bestefaren og fargeriet på Sandnes. Johannes Gjerdåker har hjelpt oss med omsetjing av ei fransk skildring av garden Bergsvik frå 1904.

Arne Høyland har skrive om båt- og sjøhusregistrering. Bjarnhild Birkeland ser seg attende , og Johanna Duesund fortel om Ung­domslaget «Syskinringen». Eivind Kvinge har møtt «Kongen i Storda­len» og har vore på skuleklassejubileum på Kvingo. Lars Gunnar Lie har skrive om «Gamle setrar i ny bruk».

I dette heftet har eg prøvt å få med litt meir «nytt frå Masfjorden». Me er innom Knut Tangedal Catering & Kiosk, Auto-Mek.A/S på Hosteland, pensjonisttreff på Solheim og 50-årsmarkering av M/S Masfjords forlis i februar 1944. Og Eva Torsvik som har spelt skodespel i 45 år. Dette er mest med tanke på ut­flyttarar frå Masfjorden som me veit gjerne skaffar seg heftet vårt til jul.

Eg takkar alle som har skrive, fortalt eller på annan måte har hjelpt til med tekst og bilder. Eg takkar Jon Hope og Rune Garmann for hjelp til å lese gjennom og kommentere stoffet, og ein spe­siell takk til Rune Garmann som har stått for formgjeving og utskri­ving og til Aud-Helen V. Daae og Liv Oda Dale, som har skrive det heile på diskett.

November 1994

Jonas Riisnes

Formann i Masfjorden Sogelag

Artiklar