Skip to content

Avduking av minneplate

    Torsdag 3. februar 1994 vart det avduka ei minneplate i Nesjane ved Duesund der D/S «Masfjord» rende på land og sokk for 50 år sidan.

    Ca. 80 personar var møtt fram og fylgde ferja som gjekk frå Masfjordnes via Duesund til ulukkesstaden der minneplata er sett opp. Der var det tale av skule- og kultursjef Sverre Søvde, og Ellen Maria Sandnes, som var ei av dei som overlevde forliset, stod for avdukinga. Ei gruppe frå Sandnes skulemusikk spela, og ein elev song «Å eg veit meg eit land.»

    Etter avdukinga gjekk ferja om Duesund til Sandnes der sokne­prest Knut Sørheim la ned krans ved minnesteinen for dei 11 som omkom ved forliset. Etterpå inviterte Masfjorden kommune til ei minnestund i kommunehuset. Ordførar Alf Fagervik leia sam­koma, og Sjur Vågset som også var ein av dei som overlevde forliset, fortalde om det som skjedde.

    Arne Sandnes som var ein av dei som først kom til ulukkesstaden, fortalde om det han hugsa frå morgonen den 3.februar 1944. Han var med og fann dei to av mannskapet som drukna: skippar Karl Vabø og styrmann Henrik Kahrs.

    Av mellom 40 og 50 passasjer­ar, berga dei fleste seg i land. Men det var ni av passasjerane som omkom, og ingen av dei vart funne. Av desse var tre tenåringar og ei lita Jente på to år.

    Initiativet til minneplata var tatt av Erik Torsvik. Tanta hans, Emmy Sandnes, omkom i forliset.

    Her i Masfjorden var det ei arbeidsgruppe der Sverre Søvde, Ivar Haukeland og Konrad Otterstad var med, som ordna med plata og sto for arrangementet den 3.februar.

    Utgiftene som kom på ca. kr 29000 vart dekka av kommunen med kr 14.500, BNR med kr 11.300 og nokre andre bidragsyt­arar.

    Reportasjar om forliset i 1944 og arrangementet 3. februar 1994 var å lese i lokalavisene Strilen og Nordhordland den 8.februar 1994.

    Vestlandsrevyen sende ein kort reportasje den 3/2-94 og NRK Hordaland hadde ein brei omtale den 8.februar 1994.

    Jonas Riisnes