Skip to content

«Kongen i Stordalen»

    Ja, slik var tittelen på ei bok, skriven av den svenske forfattaren Leonhard Strømberg. Innhaldet i denne boka har på ymse vis gjeve meg assosiasjonar om den person­en eg her skal skriva om.

    Våren 1960 stod der ein liten notis i eit blad i Drammen, om Stordalen Fjellstova, som tok mot gjestar. Og her byrja ei merkeleg soge. Ein mann med namnet Torleif Ørum Ramstad, som då var underbrannmeister i Drammen, og som var fødd 9. november 1900  – visstnok i Oslo – kom over denne vesle notisen. Men fyrst litt meir om denne mannen sine vita: Han hadde i sin ungdom teke teknisk utdanning, men fann seinare ut sjølv at han aldri fekk bruk for denne kunnskapen. Han arbeidde fyrst ved jernbana, truleg i Oslo, men fekk seg stilling i Drammen brannvesen, der han seinare vart underbrannmeister.

    Denne Ramstad vart svært oppglødd for notisen om Storda­len, og difor reiste han dit på sumarferie same året. Det skulle syna seg at dette ikkje vart noko bomtur for hans vedkomande. Denne plassen svara til alt det han hadde hyst på i draumane sine. Her var det at han fann sitt seinare livs «Las Palmas». Det vart til at han ferierte heile to månader i Stordalen denne sumaren.

    Ferietida nytta han til turar i Stordalsfjella og indre Masfjordfjella, der han fór på kryss og tvers, både høgt og lågt, over skogåsar og snaufjell, langs vatn, elvar og fossestryk. Fotoapparatet hadde han med seg og nytta flittig alle stader der han for fram. Og fann han ymse rarietetar, det vere seg av tre eller stein, så tok han desse med seg heim til fjellstova, og bearbeidde dei vidare, på sin sær­eigne, kunstferdige måte. Desse tinga tok han ikkje med seg heim att til Drammen, dei vart plasserte i ymse rom inne i fjellstova. Desse steinene er festa på eit våpenskjold og er plassert i peisestova. Ymse kunstferdig utforma gjenstadar av tre er plassert i hallen. Og alt dette til gleda for alle dei tusener av gjestar som har vore innom fjell­stova i alle desse åra sidan 1960.

    På alle sine ferder i områda der inne i Stordalen tok han på tusener av bilete, som han seinare synte fram som ljosbilete for gjestane på fjellstova. Også bilete frå andre stader i landet, synte han fram her.

    Eg hadde sjølv den gleda å få møta denne mannen oppe i Stor­dalen i dei fyrste 1970-åra, då eg, som heradsagronom i Masfjorden, dreiv med eit registreringsarbeid i fjella der inne. Han var ein venesæl og omgjengeleg person som alle kunne koma i prat med. Han var alltid blid og i godt humør. Etter som alle gjestane som kom til Stordalen fjellstove kjende den same draging til fjellet og naturen der oppe, som han sjølv kjende, fekk han alltid respons for sine in­teresser.

    Her høver det å sitera eit vers frå diktet «Utvandraren syng», av Anders Hovden:

    Fjella som blånar mot ljosens kvelv
    aldri i minnet mitt blaknar.
    Bårande fjorden som gidrar og skjelv
    fær eg «kje sjå når eg vaknar.
    Brusande fossen og susande elv
    sårt eg saknar.

    Torleif Ørum Ramstad hadde vore gift, men dei hadde ikkje born. Kona døydde i 1967. Han har feriert i Stordalen i to måna­der kvar einaste sumar, frå og med 1960, berre med unntak av 1992, då BKK opptok heile fjellsto­va til sine tunnelarbeidarar.

    Han var 60 år fyrste sumaren han kom til Stordalen, og det var dei fyrste 15-20 åra han gjekk så mykje kringom i fjella der inne. Sist sumar, altso nå i 1994, var det ein systersom hans som skyssa han med bil fram til Stor­dalen. Han var no vorten så svak til beins at han måtte nytta gåstol når han ferdast etter vegen.

    Fleire tusen hotellgjestar har gjennom alle desse åra vorte kjend med denne mannen. Han har synt andre ferierande og turistar her i landet at ein også her i Fjell-Noreg kan finna sitt vedunderlege «Las Palmas».

    Noverande eigarar av Stordalen fjellstove er ekteparet Roy Phillips frå Wales I Storbritannia og Berit Stordal Phillips, dotter av førre eigar av Stordalen fjellstove. Det er Berit som har gjeve meg det meste av opplysningane om denne Rams­tad.

    Når ein tenkjer på all den gleda denne mannen har spreidd rundt seg alle dei åra han har feriert der oppe på fjellstova, ja då kan eg med hugheilt hjarta utropa han til «Kongen i Stordalen».

    Eivind Kvinge