Skip to content

1992

Forord

Etter positive attendemeldingar om «Fjon frå fjell til fjord 1991» vågar Sogelaget og Mållaget å gje ut eit nytt hefte med lokalhistorisk stoff. Mange har sagt at dei ser det særs verdfullt at det vert gjort alvor av å samle og skrive ned noko om vår nære fortid i vår eiga bygd. Sjølvsagt vert ikkje alt av like stor interesse for alle. Men ved å ta fram ymse strøk i bygda kvar gong, vonar me at dei fleste finn noko av verdi.

Dette heftet har mykje om «Det gamle Sandnes» frå den tida staden på ein særleg måte var knutepunkt i bygda, med kyrkje, administrasjon, industri og samferdsle m.m.

Me har bedt folk som voks opp der først på dette hundreåret om å gje sine inntrykk av staden og miljøet i ei tid som var annleis enn no. Men også i dag er Sandnes plassert på kartet. Det har me bedt rektor på Sandnes skule skrive litt om.

Mange bygningar på Nordland og Totland syner merke etter industriverksemd, både i mindre og litt større format. Det kunne kanskje trengast nye initiativ no ?

Og så eit attersyn over småbruket, som ikkje berre var ein arbeidsstad, men ei livsform. Kanskje noko å tenkje på no det er blitt moderne med bygdeturisme ? Kva med ei sæter som levande kultur i landskapet ?

Ei oppmoding til dykk som les dette heftet : Kjenner de til hendingar, eller til personar som sit inne med lokalhistorisk stoff, så ta kontakt med oss. Helst: skriv det ned og send inn !

November 1992.

Jonas Riisnes                                         Ragnhild Jung

Masfjorden Sogelag                            Masfjorden Mållag

Artiklar