Skip to content

Kommunikasjon

I dag er det råd å køyre til alle stader i Masfjorden der det bur folk. Men slik har det ikkje alltid vore. Nokre stader er det ikkje meir enn nokre tiår sidan vegutløysinga.

Før bilvegen kom, var landverts ferdsle mykje knytt til stiar og tråkk gjennom utmark og over fjell. Båten var også eit mykje nytta framkomstmiddel, både på fjord og sjø og på dei store og små vatna som Masfjorden har så mange av.

Det er soleis ikkje til å undrast at mange masfjordingar den dag i dag er svært opptekne av korleis vi skal kunne kome oss rundt i grendene våre, og til og ifrå kommunen.