Skip to content

Velkomen

Flyfoto over Solheim. (C) Fjellanger – Widerøe

Velkomen til fjon.no, som er heimesida til det lokalhistoriske heftet «Fjon frå fjell til fjord – gamalt og nytt frå Masfjorden.»

Fyrste årgang av dette heftet vart gitt ut hausten 1991. Sidan har det kome ut eitt hefte årleg – med unntak av året 2012, då ein nytta tid og ressursar på å lage boka om Ola R Midtbø, ein viktig kulturformidlar og heimelsmann frå Masfjorden, og året 2015, då ein ikkje hadde tilstrekkeleg med stoff til å kunne lage eit heilt hefte.

Dei eldste hefta er ikkje lenger å få tak i, og opptrykk av desse vil verte for kostbart. Dette har gjort at vi har vald å publisere ein del av dei eldste artiklane på denne heimesida. Det er i hovudsak tekstane som vert publiserte – bileta i desse hefta egnar seg dårleg til publisering på nett.

Einskilde artiklar er sopass lange at vi har vald å dele dei opp i seksjonar. For dei artiklane som dette gjeld, vil du nede på sida finne ei talrekkje som du kan klikke deg vidare med.

Ikkje alle artiklane frå hefta våre vi vere å finne her. Vi startar med artiklar frå dei eldste årgangane, og så får vi etter kvart sjå kor mykje vi får lagt ut.

Vonleg vil du uansett finne stoff her som du kan ha nytte og glede av.