Skip to content

Bjørn West-muséet

    Bjørn West var ei geriljaavdeling på om lag 250 mann som mot slutten av krigen opererte i Masfjordfjella bak fienden sine liner. Etter 8. april 1945 vart heile styrken samla i fjella aust for Matre, og med hovudkvarte­ret på Stordalen fjellstove.

    I 1941 var tyskarane komne til Matre med russiske krigsfan­gar for å grave sand. Dei oppret­ta ein fangeleir med 200 krigs­fangar og 30 fangevaktarar.

    Dermed kom grensa mellom Bjørn West-området og fienden til å gå nettopp på Matre. Ja, Bjørn West-karane som heldt til på Litlematrestølen var stundom så nærme at dei såg ned på huset der den tyske kommand­anten på Matre, Karl Wagner, budde. I dette huset var det også vaktkontor, og det var forbi den­ne vakta folk frå Stordalen og Fosse måtte innom for å vise pass når dei skulle til handels­mannen eller på postkontoret på Matre.

    Dette heilt spesielle huset er det nå som vert det framtidige Bjørn West-museet i Masfjorden. etter tilråding frå eit samrøystes interimstyre, med representan­tar frå seks kommunar, Lindås sogelag og Masfjorden sogelag.

    Huset er bygd i 1912, og er av fleire grunnar verneverdig. Hor­daland fylkeskommune har teke arbeidet med ominnreiding av huset til museum med som eit tiltak under «Prosjekt Vestkyst». Dette arbeidet tok til i november 1991 for midlar som er stilte til rådvelde av Miljøverndeparte­mentet. Arbeidet vert leia av ein arkitekt som arbeider for «Pro­sjekt Vestkyst», og som grunn­lag for planløysinga nyttar han delvis eit forslag utarbeidd ved Forsvarsmuseet.

    Forsvarsmuseet har og lova å gi fagleg hjelp og støtte til opp­bygginga av Bjørn West-museet, og har teke det med på sin ar­beidsplan for hausten 1992 og 1993.

    E-verksmuséet.

    I 1985 bygde BKK eit heilt nytt kraftverk ved Hommelfossen. Den gamle stasjonen med røyrgate vart då nedlagt og fre­da. Kring den freda kraftstasjo­nen og ein nyrestaurert mindre gardsstasjon — på 8 kW — for Fossegardane oppe ved Brydals-fossen, bygt i 1947 og i drift til 1957, vil ein nå prøve å få til eit kreftverkmuseum. Ein lærar i Masfjorden har i år i oppdrag å lage eit undervisningsopplegg for dette.

    Jonas Riisnes