Skip to content

Ådneburen – eit merke på så mangt

    Ådneburen, eller rettare Ådnebrukistå, gjekk lenge for å vere det høgaste fjellet i Masfjorden. Men om no dette ikkje stemmer heilt – Torhogen er litt høgare – så ligg Ådnebu­ren slik til at han er lett synleg. Det vert fortalt at sjøfolk bruk­te han som «med» fordi han var synleg langt til havs. Når ein ser fjellet frå vest eller nord­vest, liknar det på ei kiste, og eit hol i bergveggen på austsi­da, tett ved vegen når ein går opp Norlandsdalen, er «lykle-holet».

    Eit gammalt sagn fortel at meistertjuven Gjest Bårdsen ein gong kom forbi Ådneburen på ei av sine mange ferder då han rømde frå «Lensmann og prest». Han hadde eit skrin fullt av sylv med seg, og dette gøym­de han i ei urd på sørsida av Ådneburen. Når sola står i syd kl. 12, skin ho rett i lykleholet på dette skrinet, og då blenkjer det av sylv! Soga seier at mange har rota i urda og leita, men skrinet er endå ikkje funne!! Om nokon vil på skattejakt, så er det endå sjansar!!

    Frå nordsida av Masfjorden i Nordbygda, ser ein Ådneburen godt, og den fyrste snøen legg seg alltid der. Når det vart kvitt i Ådneburen, visste folk at no var vinteren nær-. Ein eldre mann på Rambjørg hadde ei regle om dette: «Den kvite mannen i Ådneburen, han spør: ‘Har du ved? Har du laga deg te? For no kjem eg!’»

    Ragnhild Jung