Skip to content

Humoren – Guds rike gåve

    I kyrkjehistorisk årbok for 1994 las eg at då Kyrkjesogelaget i Bjørgvin feira sitt 50-års jubileum i Bergen i oktober 94 heldt Svein Kvamsdal eit fargerikt kåseri om humor i kyrkja.

    I sanband med kyrkjejubileet her i Masfjorden, spurde eg Kvamsdal om eg kunne få trykkje kåseriet hans i årets «Fjon frå Fjell til Fjord», og det var han så gild å seia ja til.

    Svein Kvamsdal er frå Masfjorden og er døypt i Frøyset kyrkje, men vaks opp i Austrheim. Han vart ordinert til prest i 1977 for å gjere feltprestteneste på Heistadmoen. Same året vart han utment til sokneprest i Jølster og i 1985 til sokneprest i Ullensvang i Hardanger der han var til han vart kapellan i Volda i 1991.  

    Kvamsdal har i mange år reist rundt med eit kyrkjespel om Grundtvig, «Strengen er av Gull» der han sjølv spelar Grundtvig. Dette kyrkjespelet får me kanskje sjå i Frøyset kyrkja ein gong på nyåret. Svein Kvamsdal hadde i vår permisjon for å skrive eit nytt kyrkjespel om Johan Nordahl Brun (i høve at det er 250 år sidan han vart fødd). Dette heiter «Jeg tok min nystemte» og skal framførast første gong i Volda kyrkje 2.november 95 saman med kor og andre aktørar og med Kvamsdal i rolla som diktaren. Helga 11. og 12. november 95 skal han til Lindås og Austrheim med eit program om Anders Hovden: «Syng det ut med glede».

    Mange eldre i Masfjorden hugsar far til Svein, Birger Kvamsdal, som bygde hus på Stranda ved Risnes. Han var ein svært allsidig og gåverik mann med eit godt humør. Han var flink til å spele fele og laga sjølv felene sine. Han var skomakar, tømrar, smed og børsemakar og han laga sitt eige haglgevær. Og han var veldig god til å fortelje historier. Svein Kvamsdal meiner han har arva sin humoristiske sans og sitt skodespelartalent frå faren, medan han har arva dei boklege interessene frå mor si.

    Jonas Riisnes

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7
    1 23 ... 7Neste »