Skip to content

Båt- og sjøbruksregistreringane 1993

    Sumaren 1992 starta eg opp ei registrering av båt- og sjøbruksmiljø i seks Nordhordlandskommunar. Dette var i regi av Horda­land fylkeskommune, Handverks­registeret og kommunane. Enga­sjementet mitt varte fjorten dagar i kvar kommune, så det vart berre ein liten del av kvar kom­mune som vart registrert.

    Året etter vart det sett inn meir tid og krefter på dette. Då vart det engasjert to arbeidsledige personar i fem månader i kvar kommune til å halda fram med re­gistreringane. Desse personane fekk så ei innføring i arbeidet og så kunne registreringane halda fram.

    Registreringsarbeidet var sært tidkrevande, og gjekk mellom anna ut på:

    • Fotografering av bygningar, både utvendig og innvending
    • Skisse av korleis båtar, reid-skapar o.l. vart lagra inni nausta.
    • Enkel skisse av bygningsmiljø­et ved sjøen
    • Namn på bygningar, reidskap-ar o.l.
    • Enkel oppmåling av dei eldre trebåtane, mellom anna kjøllengd  og halslengd
    • total lengd breidde i båten
    • røysmål
    • segl og master

    Båtane vart óg fotograferte frå ulike posisjonar.

    Eigarane og andre informantar vart intervjua og fortalde kva båtane vart nytta til, kven som hadde bygd båtane og elles om korleis ressursane vart nytta på staden, om bytehandel mellom fjord- og havmannen o.l.

    Ved utgangen av 1993 var alle sjøgardane i Masfjorden registrer­te, og registreringsmaterialet vart sendt inn og lagra hjå Fylkes­konservatoren i Hordaland.

    Ein del fjellgardar i Masfjorden vart ikkje registrert. (Det bør gje­rast mellom anna med tanke på dokumentasjonen av ferje- og sledetradisjonane.)

    Kva syner registrerings­materialet om Masfjorden ?

    Registreringsmaterialet er samla inn, men noko vidare syste­matisk etterarbeid er ikkje gjort enno. Likevel vil eg peika på nokre inntrykk ein sit att med :

    Det er lite att av dei gamle masfjordbåtane, dei med bratte høge stamnar, fire bord i sida og keipane på innsida av øvste bordgang. Av desse typane er det re­gistrert færingar, trekeipingar og firkeipingar. I tillegg vart det re­gistrert ein del båtar som liknar meir på strandebarmarar og oselvarar. Desse siste ser ut til å vera av nyare dato.

    Det ser ut til at dei tradisjonelle gamle Masfjordbåtane gjekk ut av produksjonen rundt siste århundreskiftet. Den siste som vart bygd på tradisjonell måte er truleg ein færing som var bygd på Solheim/ Haugsvær så seint som rundt 1960.

    Det er svært lite att av not­båtane, men nokre få er registrert. ( Den eine høyrde til på Kvingo og vart overteken av sogelaget i Mas­fjorden. )

    Til slutt må nemnast ferjene. Masfjorden har eit rikt mangfald av ulike typar ferjer, og det kan sjå ut til at konsentrasjonen av ferjer er større i Masfjorden enn i dei andre kommunane. Her er mellom anna registrert spesialbygde ferjer for frakt av hestar, kyr, material og liknande. Denne delen av båtkulturen har vore lite påakta og vert ofte lite og til dels feilaktig omtala i ein del litteratur.

    Særleg i midtre og indre strok i fjord- og fjellområda, har ferjene vore ein sært viktig del av det gamle arbeids- og transport­systemet. Ferjene er og interessante på den måten at dei kan vera vidareutvikla frå ein tidlegare båt­type som har vore felles «stamfar» for både masfjordbåten og masfjordferja.

    Registreringane syner at kvali­teten på båtbyggjarhandverket i Masfjorden og Austfjorden er av svært høg kvalitet, og står ikkje at­tende i høve til andre område langs norskekysten. Det var berre båtbyggjarane i Masfjorden som fullt ut kunne byggja ein ekte masfjordbåt, av masfjordmaterial og med dei tilhøyrande lokale masfjordmåla.

    Ei interessant side av masfjordbåten, er at han berre vart bygd og brukt av fjordbuarar. Endå om samveret med folket lenger vest i Austrheim og på Fedje var nært, hadde dei kvar sin båtkultur.

    Til forskjell frå masfjordbåten vart oselvaren nytta både av fjord­folket i Os og av fiskarane lenger ute ved kysten, både i Nord- og Midthordland. Det er og interessant å høyra eldre fjordfolk som seier at oselvaren ikkje egna seg til arbeid og ferdsel i Masfjorden i gamal tid. Dei ville ikkje vera bru­kande, ikkje fordi oselvaren var av dårlegare handverk, men fordi båten ikkje var bygd for deira bruk og naturtilhøve.

    Dei gamle masfjordbåtane er truleg av høg antikvarisk verdi av fleire grunnar. Særleg det at det er så lite att av båttypen aukar verneverdien. Men båtane har og eit alderdomleg preg, t.d. kan nem­nast at alle tre- og firkeipingane som er registrerte, er bygd for råsegl, ein segltype som går minst attende til vikingtida. Båtane har og bratte og høge stamnar, som minner om dei gamle vikingbåtane.

    Til samanlikning kan nemnast at båtar med råsegl så langt ikkje er registrert i ytre strok av Nord­hordland, berre i Austfjorden, Masfjorden og Osterfjorden.

    Bruken av råseglet levde truleg like lenge som den gamle masfjordbåten vart bygd. Fleire av infor­mantane hugsar å ha sett råseglet i bruk, og nokre har óg vore med og sigla med råsegl.

    Det vil særleg vera viktig å ta vare på mangfaldet av båtkulturen i Masfjorden for ettertida, det vil seia, sikra eit utval båtar som syner båtar bygd på ulike stader, til ulike tider og til ulikt bruk. Difor vert det óg viktig å sikra andre båt­typar som t.d. notbåtar og ferjer.

    Om båten er i dårleg stand, kan han likevel vera svært verne­verdig. Det kan her nemnast at det under registreringsarbeidet er sikra fleire båtvrak fordi dei syner ein ny variasjon over tekniske løys­ingar og detaljar.

    Difor bør alle båtane av den gamle typen, uansett tilstand, takast godt vare på inntil vidare, slik at verneverdien kan verta skikkeleg vurdert På den måten kan eigarane få vita meir presist kor verneverdig båten er og korleis ein best mogleg kan ta vare på båten for ettertida.

    Verneverdien av båten vil og auka dersom det finns master, segl, ror og anna utstyr som har vore brukt i lag med båten.

    I tillegg er det og viktig å sikra eit utval av dei nye båttypane som vart bygde fram gjennom dette år-hundret.

    Det at nothuset på Sandnes no vert sett i stand, gjer det og mogleg for kommunen å tilby lagrings- og utstillingsplass for båtar dersom nokon av eigarane ynskjer at kommunen skal overta verneansvaret.

    Registreringane syner og at det er mange eldre som sit inne med spesialkunnskap om materialkvalitetane i dei ulike treslaga. Dei veit kva emne og kva treslag som høver best til ulike reidskapar. Eldre menn og kvinner ber i seg ei mengd lokale kunnskapar som det står lite om i lærebøker og leksikon.

    Lærdomen fekk dei heime i oppveksten i omgang og arbeid med dei vaksne. Det er delvis ein kroppslærd kunnskap som sit direkte i kroppen i form av hande­lag og arbeidsteknikkar. Denne kunnskapen som gjerne vert kalla erfaringskunnskap eller taus kunnskap, heng høye saman med den gamle levemåten og har kul­turhistoriske trådar langt attende i tida.

    For dei nye generasjonane som veks opp i Masfjorden i dag og som ikkje har fått læra å berga seg sjølv og bruka kroppen og naturen på den gamle måten, represente­rer dette ein fagkunnskap og eit arvesølv som kan veita livsviktig i eventuelle nedgangstider og krise­tider. Desse tradisjonelle kunnskapane er óg ein vesentleg del av kulturarven, av identiteten til masfjordingen, nemleg evna til ei allsidig utnytting av naturressur­sane i lokalmiljøet.

    Difor inneheld  også registre­ringane eit oversyn over personar som ber på handverkstradisjonar, slik som det å lage kiper, river, ljåorv, kjelkar, sledar, ferjer o.l.

    Som ein start på dokumenta­sjon av desse kunnskapane, vart det av Handverksregisteret sein­haustes 1993 laga eit film- og interyjuopptak med Sjur Vågset og Arthur Rambjørg om rivelaging.

    Kva skal registrerings­materialet brukast til ?

    Registreringane er svært godt eigna som grunnlagsmateriale for å laga ein verneplan der ein mellom anna lagar ei prioritert leiste over dei mest verneverdige båtane.

    I tillegg er det mykje intervjustoff og anna skriftleg materiale om folkelivet i Masfjorden som bør kunna samlast og gjevast ut. Materialet er og svært viktig som kjelde og utgangspunkt for forsking på t.d. båtbyggjartradisjonane i Masfjorden. Dersom ein ville ta opp att denne handverkstradisjonen, gjev registreringane eit godt oversyn over eksisterande båtar som kan studerast nærare.

    Nordhordlendingane står i ei særstilling sidan dei er fyrst ute med denne typen registrering. Kva­liteten og det store omfanget av re­gistreringane gjer det mogleg å sikra mangfaldet av båt- og sjøbrukskulturen på ein måte som er ny i norsk kulturminnevern.

     Arne Høyland