Skip to content

Eva Torsvik har spelt skodespel i 45 år

    Det er 45 år sidan Eva Torsvik tok til å spele skodespel i Nordbyg­da. Også i år sette Ungdomslaget Framstig opp skodespel i sam­funnshuset på Risnes 17.mai. Stykket var ein einaktar av Vilhelm Moberg med tittelen: «Laurdagskveld».

    Som vanleg hadde Eva ei av hovudrollene, og motspelaren hennar i år var lensmannsbetjent Bernhard Krokås.

    Det har vorte tradisjon på Risnes at om kvelden 17. mai skal programmet vere kåseri, skodes­pel, rjomegraut og spekemat, kaffi og dans til slutt.

    Men det som krev det store ar­beidet, er skodespelet. Mange av oss som har passert 65 år i dag, hugsar Liv Hunnes som sette opp det første skodespelet etter krigen i 1946. Då Liv reiste, tok Eva over som «teatersjef «og etter 1948 har ho spela med i dei aller fleste skodespel som har vore sett opp i Nordbygda.

    Å setje opp eit skodespel med amatørar, tek lang tid. Alt før jul bør rollefordeling vere klar og ma­nuskript fordelt. Og har deltakara­ne lese på rolla si i jula, kan prøvene ta til like etter nyttår.

    Ein ivrig medspelar fekk Eva i Haldis Ulvatn, då ho kom til Masfjorden i 1974. Det hadde då ikkje vore skodespel i Nordbygda på nokre år, men Haldis var ei drivande kraft som saman med Eva kom i gang att med årlege skodespel.

    Andre trugne medspelarar har vore Ragnvald Haugsdal, Kristina og Arvid Andresen, Håkon Vangs­nes, Haldis Fivelsdal og Torgeir Bømes.

    Då Eva for ei tid sidan hadde rund dag, vart ho heidra med fakkeltog av medlemmene i «Samfunnstreff», som også gav henne eit fint gullsmykke. Ho fekk også gåve frå ungdomslaget Framstig med takk for hennar store innsats som «teatersjef» for ungdomslaget. Dette var ein heider alle tykte var vel fortent.

    Jonas Riisnes