Skip to content

Me fekk det høgt og fritt

    Denne setninga frå «Gud signe Noregs land» høver få stader betre enn på Stallane. Garden ligg omtrent midtvegs mellom ytre og indre Masfjor­den opp mot fjellet ovanfor Eikemo. Dette var Eikemosætra frå først av, men i 1798 vart garden «oppteken som plass», fortel Masfjordboka, B 1.

    Først var det berre eitt bruk, men snart vart det delt i to, så der budde to familiar. Det ser ut som om «brukarane» har skifta. Etter at j orda vart pri­vat eigedom i midten av forrige århundre, dreiv eigaren begge bruka. Seinare vart dei kvar for seg enten bygsla bort, eller selde. Dei som kjøpte, budde der lenger eller kortare tid. Bruk nr. l (etter, br.nr.) vart så frå-flytt for godt i 1951. Men på bruk nr. 2 var det drift like til 1967, då Søren og Dorthea Kalhovde flytte til Solheim.

    Dorthea, eller Thea, som ho heiter til dagleg, er no 86 år, og ho fortel gjerne om åra på Stal­lane, korleis dei kom dit, om daglegliv ute og inne, arbeid og strev, men og glede og trivnad. For dette var heimen som ho og Søren skapte for seg og borna.   Så no let me Thea få ordet:

    Me gifte oss i 1936, men hadde då ingen gard å flytte til. Søren hadde fått som ein slags lovnad på at han skulle få kjø­pa den garden som far hans bygsla på Kalhovda. Så første tida budde me der, hjå sviger­foreldra mine. Me hadde ingen ting for oss sjølve, så me ar­beidde saman med dei, og gjekk i «same matanøytet», som ein sa. Eg vart som eit slags tenes­tejente, og Søren hadde litt vegarbeid – når det var noko å få. Ein vinter etter at me hadde fått første barnet vårt, stelte eg floren, men budde då på eit lite rom der eg både sov og laga mat til meg og jentungen.

    Me venta på å få kjøpa gar­den, men då det vart klårt at me ikkje fekk det, tok me til å sjå oss om etter ein annan stad, for gard ville me ha!! Eg var vaksen opp på gard og kunne ikkje tenkje meg anna arbeid enn å stelle med jord og dyr.

    11938 reiste Søren på arbeid inne i Hardanger. Der var det óg ein frå Stallane. Han var flytta derifrå, så på det bruket stod husa tomme og garden var ikkje driven. Karen, søster mi, og mannen hennar hadde snakka om å kjøpe der. Då eg høyrde det, sa eg at dit skal no ikkje eg gå for å besøkje dei! Men – så vart det EG som hamna på Stallane!

    For då Søren kom heim hausten 1939 fortalde han, at no hadde han kjøpt gard på Stallane. Me budde på Kalhovda den vinteren óg, men føre­budde flyttinga til våren. Husa var fine og i god stand, så det var triveleg å «møblera» med det vesle me hadde av innbu. Det var slikt som Søren hadde laga på snikkarskulen. Alt måtte berast til gards, så eg bar dei tinga eg greidde, dei tyngre måtte Søren ta. Han var óg i skogen heile vinteren for å hogge ved. Me skulle starte opp med geitesti til sommaren. Far min hadde ein flokk geiter og skulle vere i lag med oss om dette. Noko geiter leigde me óg. Den 10. april i 1940 skulle me flytte opp. Men det såg «spøkje ut» for flyttinga: Søren vart innkalla til militæret, det var krig! Men då han møtte på Solheim, viste det seg at han«stod ikkje på lista.» Han var mellom dei som tidlegare vart «fritrekt», som dei sa. Og så vart det flytting med oss. Det låg endå snø der me gjekk med kvar vår «børa» oppover mot­bakkane. Eg bar smågjenta som då var 3 år, i ein ryggsekk. Men så hadde eg «eit lite» til i magen ! Ho vart fødd nokre månader seinare. Eit lite min­ne frå den «turen» sit fast: Eg sokk igjennom skaren, og fekk ikkje skoen laus att, så eg måtte hive av ryggsekken med små­jenta i og ta av meg skoen før eg fekk foten laus! Søren kom nedover att og hjelpte meg med børa.

    Ja, det vart nok mange bører i dei 27 åra me budde på Stal­lane! Der var ei taubane som vart bygt for å få opp varer med. Men ho var vanskeleg å styre med. Ein gong om som­maren kom det nokre byfolk som skulle vere hjå oss eit par veker, og sakene deira vart tekne på taubane. Ho fekk eit «lune» så alt vart hengjande oppi lufta, Søren måtte bruke mest heile dagen for å få tak i det att. Han vart så forarga, at taubana vart ikkje brukt meir. Utanom det me sjølve bar på eigen rygg, klyvja me på hesten – då me fekk oss hest!

    Dyr hadde me ikkje med oss då me flytte opp, dei fekk me i mai, omtrent ein månad etterpå. Eg fekk ei kyr og ei kvige heimanfrå, dessutan hadde eg 4 geiter som var mine, og 3 – 4 sauer Søren hadde og med nokre dyr heimanfrå, så etter­kvart ol me oss til ein buskap. På det meste hadde me fem kyr, eit par kviger og ein okse, me fødde over 20 geiter om vinteren og 8 – 9 sauer. Dette var etter at naboen flytta så me slo begge bruka. Men så lenge me hadde det eine bruket, det som me kjøpte, slo me óg i marka om sommaren. Markeslåttane var borti Sollifjellet tvers over «gilet» vest for Stalla­ne. Den første sommaren hadde me ei som kokte geitosten, sidan kokte eg sjølv. Dette dreiv me med like til i 60-åra. Men attåt matstell og ostekoking var eg ute og arbeidde med høyet, enten det var ver å turke på marka eller me måtte hesje. Då måtte eg og hjelpe til å ta streng på hesjene. Me hadde hesjar på omtrent 30 staur, og det hende at eg hesja i tre slike på ein dag! Eg har alltid vore snar å arbeide, og det kom vel med. Ein sommar eitt halvt år hadde eg tenestejente, ho skulle sjå etter ungane og gjere litt innearbeid, ellers greidde eg meg utan. Litt hjelp måtte no til når eg låg i barnseng. Eg fekk vel ei vike fri då.

    Hausten  1940 kom gjente nr. 2 til verda. Då budde det folk på nabobruket, så størstejenta sprang bort og fekk na­bokona til å komme til meg medan Søren gjekk for å hente «hjelpekona». Jordmor hadde eg ikkje den gongen. Men då det siste barnet kom til verda nokre år etterpå, kom jordmo­ra opp. Naboane frå Eikemo, Lonshaugen og Fossdalen kom med «sengjemat», det var van­leg den gongen. Og det så ikkje ut til at dei kvidde seg med vegen på Stallane!

    Om vinteren var det no litt rolegare, men arbeid hadde eg nok av då óg. Det måtte kardast og spinnast, spøtast og vevast. Ja, spøta gjorde eg mykje om sommaren når eg gjekk og mjølka kyrne. Eg spøta med eg gjekk til kyrne og elles når eg venta til nabokona var ferdig med sine kyr. På heimve­gen fekk spøtet kvile, får då hadde eg mjølkebøra på ryg­gen.

    Men eg hadde også vev oppe om vinteren, eg vov både vad­mål, einskjefte og kvitlevev. Det som skulle vere til klede, vart sendt til fargeriet på Sandnes for farging og «bereiing». Så var det å ta fram symaskina, eg sydde både til ungane og meg sjølv, ja, bukser og skjorter til mannen óg.

    Den einaste skulen eg hadde gått på utanom barneskulen, var syskulen. Men det var ver­keleg ein god og nyttig skule. Når eg tenkjer attende, tykkjer eg at me var flinke med alt, me var så sjølvhjelpne med det meste som me trong. Men så hadde me og mykje av lærdo­men med oss heimanfrå, i allefall hadde me lært å arbeida!

    Søren var i skogen om vinte­ren, for det gjekk mykje ved til ostekokinga om sommaren. Likevel hadde me alltid turr ved i skykkja om vinteren og, så det var ikkje vanskeleg å få fyr i ovnen.

    Når borna skulle i skulen, måtte me fylgje dei ned til Bårdevatnet og skysse dei over vatnet, så måtte dei hentast på ettermiddagen. Så lenge der var naboar som hadde skule­born, byttest me om dette ar­beidet. Me var alltid så redde for dette vatnet, særleg når isen låg lenge. Vatnet har fått namnet sitt etter ein som drukna der, seiest det. Heldig­vis gjekk det bra i alle dei åra me hadde skuleborn.

    Då borna vart vaksne og reiste ut i verda, og Søren tok til å skrante – helsa var ikkje lenger som ho hadde vore – då måtte me sjå det i augene at me måtte flytte frå Stallane. Vinteren 1967 var eg der oppe åleine medan Søren bygde på huset me skulle flytte inn i på Solheim. Han kom oppatt med helgene, men elles gjekk eg der og stulla med ei kyr og nokre sauer, og sjølvsagt hadde eg handarbeid. Eg hadde no og hatt mine plager i den tida me dreiv garden, eit gammalt «slit» i ryggen, betennelse i eit kne så eg måtte opererast, og andre ting. Men eg reiv det av meg så sant eg kunne gå i arbeid, det var den beste medisinen !! Ja, eg låg ikkje ein heil dag, uta­nom når eg låg i barneseng, i alle dei åra me var på Stallane. Om eg ikkje var så god, gjekk eg likevel i floren, og la meg nedpå att etterpå. Jamen har eg arbeidd! Takkar til at eg har rukke både her og der !!

    Men eg gjekk lettare på Stallane enn til Solheim like­vel. Det var så triveleg der oppe. Og sol hadde me heile året! Ho seier det eine dotra mi og. «Stallane, det er heime det!»

    Slik fortel Thea si soge, om livet på ein fjellgard, utan veg eller andre «bekvemmelighe-ter». Og i dei 25 åra som er gått sidan ho flytta derifrå, har ho vore lengre enn kortare tid der oppe kvar sommar. For gar­den eig ho endå. Søren døydde for mange år sidan no.

    Dersom ein er heldig, kan ein i juni månad verte møtt av Thea utanfor huset der ho helsar: «Velkomen på Stallane!»

    Endå om ho no er begynt på sitt 87. år! Men så har ho og eit herleg humør, den same Thea. Og eit fint «valgspråk» for livet tok ho med seg heimanfrå, frå si eiga mor:

    «Tolmodig må du være og alltid godt i lag, for livet krever tålmod og ofte tunge tak.»

    Fortald til Ragnhild Jung