Skip to content

Matre i gamal og ny tid

    Ei lita bygd utan veg

    Frå dei eldste tider har det budd folk på Matre.

    Det viktigaste forhistoriske minne me har om busetnad i Masfjorden er Matrehola eller Storsetehilleren i Matredalen. Ved ei vitskapleg under­søking der i 1914 gjorde ein funn frå det  ein kallar førromersk jernalder som er frå 700 til år 0 før Kristus.

    Frå gamalt av var Matre ei lita bondebygd i botnen av Masfjorden utan veg, men med godt næringsgrunnlag i gardsbruk og skogsdrift. Det var godt med fisk i fjorden og i elvane var der både laks og aure.

    Dei store fjellviddene hadde gode beiter og ga høve for jakt på storvilt og fugl.

    Fjorden var einaste vegen til kyrkje og omverda elles.

    Ein båttur frå Matre til Bergen var 6 mil og kunne ta frå to til seks veker alt etter kor heldige dei var med vind og straum. Det var vanleg å ta ei byferd to gonger i året, ei om hausten eller før jul, og ei før slåtten.

    Om vinteren fraus stun­dom fjorden til slik at dei måtte dra med hest og slede langt utover før dei nådde iskanten. Det dei frakta med seg var smør og ost, kjøt og ved og så botnar til tønner.

    Og heimatt hadde dei med korn, salt, kol til smia og jern, – varer som var nødvendige til hushaldet og til gardsdrifta.

    Ein bytur i ein båt med 4 eller 5 par årar og med råsegl, kunne vere ein verke­leg hard tørn. Det vart ofte å måtte liggja om natta i ei eller onnor vik med berre seglet over seg. Ja, det hende at folk fekk seg ein knekk for li­vet på slike byferder. Difor vart det helst med stor takk­semd dei kunne få sende va­rene med «dampen», eller dei sjølve kunne få sette seg om bord og kome til byen utan å ro og utan å verte våte til skinnet ein einaste gong. Den første dampbåten kom til Sandnes i 1866. Den heitte Arne og gjekk ein gong for vika. Frå 1870 kom ein ny dampbåt som heitte Voss og som gjekk like til Solheim. Ikkje før kring 1890 kom ru­tebåten heilt inn til Matre.

    Det første ein høyrer om vegbygging på Matre er vegen innover mot Holene som dei byrja på i 1894. Frå kommu­nen fekk dei lite. Berre pen­gar til minering og bruer, heitte det. Det var ca. 1/5 av pårekna kostnad. Resten måtte oppsitjarane stå for ved å tegne seg for dagsverk. Stundom var dette opp til 60 dagsverk årleg, og det galt alle oppsitjarane, også dei i Kringlebotten og Stordalen. Vegen til Solheim vart begynt på i 1912 og var ferdig i 1930. Veg frå Solheim til fyl­kesgrensa var bygt før og stod ferdig alt i 1910.

    Vegutløysing mot sør fekk Matre først i 1963 med veg til Haugsdalen. Og Masfjordvegen til Duesund vart opna i 1981.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
    1 23 ... 10Neste »