Skip to content

Den gamle garden

    ,,Tidt eg minnest ein gamal gard….»

    Mange av oss 70 – 80-åringar synggjerne den songen. Ikkje berre fordi me lærde den i sku­len, men og fordi «den gamle garden» var staden der me voks opp, levde våre barneår og ofte også våre ungdomsår.

    Garden der eg voks opp var vel ikkje noko utanom det vanle­ge her på Vestlandet. Kanskje var han ikkje fullt så mykje «steinrøys» som mange andre. «Vollar, bakkar, berg og skard,» skriv skalden om sin heimegard. Det kartet stemmer nok godt med terrenget også hjå oss. Ja, det fanst ein voll der og! Ei flate rett nedanfor husa til naboen heitte berre «Vollen». Bakkar, berg og skar var det til alle kantar, ein trong ikkje leite etter dei.

    Så var det fjella, dei rådde over oss både på den eine og andre måten. Om vinteren stal dei sola frå oss og sleppte henne ikkje laus att før ei vike uti mars. Den første dagen ho skein i stoveglaset, sette ho bestemor smør fram til henne. Det skulle ho få fordi ho endeleg kom att! Men om sommaren tok ho att det ho hadde forsømt om vinte­ren. Då kunne me ta turrhøy like til klokka ni om kvelden utan at det dogga. For i vest heldt fjella seg langt borte. Ja, det vart no ikkje særleg høgde på dei heller, helst berre haugar å rekne for.

    Den vesle grenda vår – det  må vel kallast grend : tre gards­bruk og eit «plass» den gongen – ligg ved austenden av eit vatn, i eit lite dalsøkk. Ei slik landskapsform vart kalla «hvamm» på vårt gamle norrøne mål, og garden har difor namnet Kvamsdal.

    «Gaarden ligger høyt tilfields » , kan me lese i gamle skrifter – frå 1721. Svært høgt til fjells er det ikkje, etter kartet ligg vatnet berre 50 m. o. h. Men så ber det i høgda så det munar: Frå husa stig lia bratt oppover til hamrar og bergs­korter overtek. Det er «Kletten» som strekkjer seg med sine vel 500 m i høgda. Han er ikkje heilt «å tru». Meir enn ein gong har han sendt jord- og steinskred nedover. Husa ligg trygt i ly av «Rusta», men det har gått hardt ut over småskog, bruer og pote­tåkrar. Det hende at me plukka nyvaska poteter langt nedpå bakkane!

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22
    1 23 ... 22Neste »