Skip to content

Der Masfjorden tek til

    Masfjorden har ei mengd med øyar, og på 8 – 9 av desse har det budd folk, det vil seie at der har vore drive gardsbruk. For sjølv om folk fann mykje av levemåten på sjøen, var ei eller to kyr og nokre sauer ein svært viktig del av det dei trong for å livnære seg. No er det berre på den største av desse øyane, Holsnøy, at gardsbruka vert drivne. Men her og har det «turka inn», frå tidlegare 6 til no to gardar.

    Namnet, slik det no står på kartet, er vel ei fornorsking av det tidlegare Holsnøen som Masfjordboka nyttar. Forkla­ringa på namnet er at det kjem av «hals», «som betegner øer delt i to deler, der forenes i en hals, en senkning i høyden eller sammenknibning i bredden» (etter O. RYGH)

    Forfatteren av Masfjordboka, Lars Nordland, meiner at det burde skrivast HOLSØY, fordi folk seier Holsøynæ, eller berre Øynæ. Det­te gjeld berre for gardane nordst på øya som alle no er fråflytta og ikkje vert drivne som sjølv­stendige bruk lenger. «Det beste av bøen» vert hausta av nabo­ar. To av desse bruka (frå først av berre eitt) kan ein finne i bøkene heilt frå midten av 16-hundretalet. «Provematrikel 1721 Halsøen. Såar 3 Td., høster 9 TTdL, føder 13 Nød, 12 Faar. Selveiergaard, Uggerved Søen. Skarp og tungvudenjord. Ingen herlighed. Taaler ingen forhøielse.» (Frå Masfjordboka) Det nordlegast bruket, Vike­dalen, var eit nyrudningsbruk frå slutten av 1800-åra. På dette bruket voks det opp ein sys­kenflokk og nr. 13 i rekkja; Malmfrid Kabbeteigen, f. Duesund, no busett på Austlandet, tek oss med både til eldre og litt nyare tid.

    Pages: 1 2 3