Skip to content

Husmenn, plassmenn og inderstar

    Orda i overskrifta er nok borte frå  vokabulare» vårt i dag. Men slær me opp i Gards- og slektssoga, Bind I av Masfjordboka, finn me dei under dei fleste gardsbruk.

    På fleire gardar som er nedlagde og fråflytte for lenge sidan, finn ein at der var «Plass under garden».

    Skrift­leg vart denne bruksforma kalla «bygsel» eit ord me kjenner og i dag.

    Ein «Plassmann» eller «Hu­smann» var ein som på visse vilkår fekk nytta jord som ein annan, oftast ein gardsbrukar i nærleiken, åtte. Eigaren skulle gjerne ha godtgjersle i form av visse arbeidsdagar i året, helst i onnene, når det var bruk for mange hender i arbeidet. Plassmannen dreiv så sitt vesle «plass» med ei eller to kyr, nokre sauer, pot­eter og slikt til eige livsop­phald for seg og sin huslyd. Huset åtte han kanskje sjølv.

    Det er utruleg kvar folk kunne «klore seg fast», berre det fanst nokre grøne flekker mellom berga og steinurane. Som døme på korleis ein gard vart verdsett for ca. 250 år sidan, kan eg sitere frå Masfjordboka :

    Gardsnr. 58 Stegalvik, Matrikkeltakst 1723. «Peder Hofmand med Bøxel tilhørende. Intet Husmandssede. Intet sætter. Brendevedskog. Intet fiske. Ingen flomquern, 7 mil frå Bergen. Ligger så qfsoles at intet kan afles. Neppe stå til beboelse. Såar slet intet. Føder 4 kior, 2 ungnød-«

    Garden Stegalvik vart like­vel lenge driven. Siste eigar var Lars Stegalvik. Både han og yngste sonen hans kom bort då D/S Masfjord gjekk ned i 1944. No er garden fråflytta og attgrodd.

    Stegalvik er eit godt døme på at óg på ein slik stad slo folk seg til som plassfolk. Masfjordboka gjev oss desse opplysningane: «1822, festeseddel frå Lars Johannessen Stegelvig til Ole Monsen Ræchnæs på en Plads med ret til havn for 3 kjør og 8 smaler. En skauteng frå Skaugedals merkeskjell til en liden elv udenfor Stegelviknesset Svare 4 dagsarbeide aarlig samt vise sig ordentlig og retskqffen imod sin eier, da skal dette Bevis være gjeldende baade på hans og hans Kones levetid. Skulde han derimod vise sig uriktig eller oppsetsig mod sin eier, da skal han have Bygselen forbrudt» Dette var i 1832.

    Plasset vart kalla Hogen eller Lurkhogen, og låg heilt nede ved sjøen. Kanskje var ikkje dette det magraste «plasset» i Masfjorden. Med sjøen framfor og lier og fjell bakom, var det vel råd å liv­berge seg, etter dei krav som folk i den tid sette.

    Men sjølvsagt var plass­mannen svært avhengig av kva eigaren tykte om han. For dei ofte store barneflok­kane var der heller inga fram­tid. Dei styrande ville gjere li­vet tryggare for husmennene, og i 1928 kom det ei lov som gav dei rett til å kjøpe «Plas­set» dei brukte. Dette nytta mange seg av, men det gjekk ikkje alltid utan «sverdslag». Mange eigarar tok jorda innatt under hovudbruket. Særleg vart dette gjort ved «utskiftning», då gardane fekk inn- og utmark samla i staden for teigar her og der.

    Ei lita soge om eit «Plass» og folket der, fortel Bergit Daae i Indre Haugsdalen:

    «På vestsida av Haugsdalselva, rett ovanfor der brua no er, var der eit plass som vart kalla «Med Garden». Eg minnest godt det litle huset og korleis dei hadde det inne. I den vesle stova sto det to senger, eit bord, eit par krakkar, eit skåp – og so ein ovn. På veggane hadde dei nokre bilete: eitt av «Jesus og Maria», eitt av «Nattverden», og så eitt av Luther. På bor­det låg det alltid ei salmebok og ein «huspostil». Ved sida av stova var der ei bu, der hadde dei separator, mjølk og ymse matvarer. Over stova var «lemmen», der var det fleire senger, for det var alltid mange som budde i huset. Utanom dei to gamle, som då var «plassfolket», hugsar eg at både ei dotter med mann og born – og ein vaksen son budde der.

    Mannen «Med Garden» heitte Johannes, men vart kalla Joans med Garden. Me såg ofte at han gjekk etter ve­gen, og han prata med folk han møtte. Men han gjekk al­dri inn til nokon. Eg har tenkt på, at dette måtte vere noko som hang att frå den tida sjukdomen hans var «ak­tiv». For han Joans Med Gar­den var spedalsk. Han hadde ikkje fingrar og ikkje tær. Dei var tærde bort av sjukdomen. Kanskje hadde han vore til behandling på St. Jørgen Hos­pital i Bergen, men i den tid eg minnest han, var såra attgrodde. Kona hans fortalde at ho hadde «trekt bein» ut av fingrane hans. Dette var vel då sjukdomen herja på det verste.

    Sjølv om han Joans var nokså ufør, som me ville seie, så var han alltid i arbeid. Særleg var han svær til å fiske. Om vinteren hogg han hol i isen, og kunne liggje timevis på isen og fiske. Når det var open sjø rodde han og dorga. Han hadde eit lag med å bøye handleddet over årane slik at han kunne ro. Og når han skulle ha agn på angelen, beit han i den – og fekk agnet innpå! Han heldt huset med fisk.

    På plasset «Med Garden» hadde dei to kyr, og dei hadde óg sæter på Haugsdalstølen. Dette sætret var svært lite. Når ein sat på sen­gekanten, kunne ein ta i veg­gen på hi sida. Far fortalde at ein gong han kom opp og skulle hente mjølk, han var berre unggut då, var sætrejentene så ivrige etter å fortelje nytt: «Veit du, i natt vart det fødd ein liten gut borte i det vesle sætret der! Me har ingen ting å leggje han i, så du må lage vogge til han!» «Kva skal eg lage vogge av, då?» spurde far. «Her er då ikkje så godt som ei fjøl eingong!» Etter å ha tenkt seg om litt, spurde han : «Har ikkje de ei litt stor mjølkostekiste?» Jau, det hadde dei – og kom med den. Han fann så ein rund «askebotten», med øks kløyvde han den i to. Så sette han ein del på kvar ende av ostekista. Dette vart «meiar», så spør om ikkje guten fekk vogge! Om dei hadde klede til bar­net, visste ikkje far.

    Mor hans var dotter til Joans «Med Garden», og gu­ten fekk namnet Anton. Fo­reldra hans gifte seg året etter, og dei fekk seinare to born til. Dei vart òg buande «Med garden». Mannen var sjukleg og døydde tidleg, så kona og borna vart verande hjå foreldra hennar. Ho tok ymse arbeid rundt på gar­dane: Flatbrødbaking haust og vår, hjelp i onner – og når det elles var trong for henne. Etterkvart som foreldra vart gamle, tok ho nok sin part av stellet både ute og inna. Han Joans «Med Garden» døydde i 1921, og han var den første som vart gravlagt på Haugsdal Kyrkjegard.

    Anton, guten som vart fødd på sætra, vaks opp til ein kjekk ungdom. Han var så uvanleg flink på skeiser. Om vinteren var det ofte sterk is på fjorden, og både unge og born hadde mykje moro på isen. Ein sundag kom Anton innom til oss og spurde om onkelen min ville vere med til Matre. Det var fint å fare på skeiser over isen. Onkelen min ville nok meir enn gjerne vere med, men han hadde hogge seg i ein fot og kunne difor ikkje tola snøring av skeisereimene! Han tykte det var forargeleg at han ikkje skulle kome seg på isen, den einaste dagen i veka det ikkje var ar­beid!

    Men Anton gjekk til na­boen og spurde om fylgje, og der vart Martin, ein 13-åring, med han. Seinare utpå sun­dagen kom det fleire ungdo­mar oppe frå «Dalen» som og ville til Matre. Då dei kom eit stykke innover, fekk dei sjå ein piggstav og ei raud lua attmed ei råk. Dette stoppa dei så dei ikkje rende i råka! Men nettopp det hadde Anton og Martin gjort!

    Eg minnest godt då det vart sokna etter dei. Det vart brukt lange stenger med krokar på, og begge dei om­komne vart funne att. Far var med og sokna, og han sa sei­nare at han vanskeleg kunne gløyma ansiktet til far hans Martin då han fekk opp liket av sonen sin. Han var så kvit i andletet som om der ikkje skulle funnest blod i kroppen hans.

    Eg minnest då dei kom med han Anton på ein kjelke, og eg var inne i stova Med Garden og såg han der han låg lik. Han var endå til raud i kjakane, som om han låg og sov. Dette hende i 1914, og han Anton vart berre 19 år….

    Me borna likte godt å ta ein tur innom til dei «Med Gar­den». Dei prata alltid med oss, og ofte hadde dei eitt og anna merkeleg å fortelje. Litt «overtruiske» var dei nok, både høyrde og såg litt meir enn folk flest. Men det var vel slik at dei fleste i den tid «tok varsel» av ymse ting: når hu­broen skreik oppi lia, når eitt eller anna Lysande for over himmelen, når det ramla utanfor veggen eller gjekk i dører utan at nokon kom—. Då hadde folket «Med Gar­den» gjerne sin måte å tolke det på. Det fanst óg varsel og teikn som ein kunne finne fram til sjølv, med bruk av heilt enkle midlar. Særleg var nyårsnatta eit viktig tid­spunkt å «ta varsel» på. Då kunne ein ugift gut gjerne få sjå henne han skulle verte gift med. Og sonen til dei «Med Garden» fortalde korleis han bar seg åt: Han sette tre skåler på bordet, ei med vatn i, ei med mjølk i og ei med øl i. Fram mot midnatt sette han seg til å vente. Han skulle då ikkje berre få sjå si «ilkommande, men kva for ei skål ho tok ville fortelje korleis dei ville få det i livet. Dersom ho tok vatnskåla, vart dei fattige. Dersom ho tok mjølkeskåla, ville dei få det bra. Men tok ho ølskåla, då ville dei bli rike.

    «Eg såg at døra opna seg litt, og at det kom ein skap­nad bortover golvet, men då vart eg så redd at eg sprang i senga til han far og ho mor,» fortalde han. Me var forvitne og ville vite om denne «jenta» likna på den han seinare gifte seg med. «Ho var ikkje ulik på kona mi, du», svarde han.

    Dei «Med Garden» budde slik til at dei hadde elva ne­danfor og lia med fjellet ba­kanfor, så dei hadde kanskje eit litt anna tilhøve til natur­en enn me som hadde det romslegare omkring oss? At dei greidde seg med det som den vesle jordlappen og sjøen gav, fortel vel at det var «nøysomhet og Gudsfrykt» som rådde i heimen.

    Ragnhild Jung