Skip to content

Bjarnhild Birkeland ser attende

    Bjarnhild Birkeland fødd 27.06.1912, vart gift med Johan­nes Birkeland i 1934 og dei fekk 7 born.

    Vinteren kunde vera både lang og hard mange gonger her oppe i Dalane, med kulde og mykje snø. Og det var ikkje korkje bilar eller brøyting. Den tida var det hesten som måtte taka tyngste tørnen. Når nokon skulde til butikken, måtte dei fara so tidleg som det lysna um morgonen og so kunde me ikkje venta dei att før det be­gynte å mørkna i dei korte vinter­dagane. Det var nok hardt både for folket og hesten. Men elles sytte me for at me fekk tilrettes det mest nødvendige før vinteren kom. Mjøl, salt og olje, Ja gjeme og andre små varer som me kunde lagra. Då trong me ikkje fara so ofte um vinteren.

    Det var ikkje straum i den tida. Småbeista stod for det meste inne heile vinteren. Då var det mykje arbeid å stella dei med mat og drikka, særleg då geitene begynte å kjea, då gjekk me både seint og tidleg. Det var mykje strev og arbeid, men når våren kom, og me kunde sleppa dei ut, då var det liv, med hopp, sprett og dans. Då var det mest som ein kunde gløyma alt strevet.

    Når borna vaks til, var det mykje dei som stelte med kjea, og det likte dei godt. Eg hugsar den gongen me ikkje kunde finna att minstejenta. Me leita og ropa, men so skulde me sjå i geitefloren, og der sto skorne framfor kjegarden. Ho var komen oppi og dansa med kjea.

    Når sauene begynte å lemma, var det óg mykje å passa på. Men då me fekk dei ut på bøen og lamma begynte å springa i flokk, var det no gildt likevel, og når sauene hadde lagt seg fomøygde på haugane og jorta etter eit godt beite, då kjem eg i hug kva små­jenta sa:«Tyggis det har dei då.»

    Men det var ikkje alltid det gjekk so bra. Stundom kom det sjukdom på dyra, og då var det ikkje alltid det hjelpte korkje å henta dyrlækjar eller å få medisin. Då var det vondt å sjå kor dyra lei.

    So kom våren med sol og varme, grøne lier og fuglesong. Då var det liksom alt letna. Då skulle småbeista i marka, og då vart det mindre arbeid. Men då var det vårarbeidet som måtte gjerast. Poteter og grønsaker måtte setjast, og ei tid sådde me korn óg. So kom den dagen me skulde løysa kyrne. Dei måtte alltid gjetast fyrste dagen, for dei var kåte, og så skulde dei slåst med kvarandre. Og den kyra som vann, vart liksom sjefen heile sommaren.

    Den tida mjølka me ute heile sommaren. Ei stund hadde me dei på fjellet. Då kunde det vera både tungt og langt mange gongar. Me bar mjølka i eit trebytte som me bar på ryggen. Det var tungt til å begynna med, men det blei ein vane det og.

    Det var ikkje berre kyrne me hadde å mjølka. Me hadde geitene og, for me kokte geitost om som­maren, so me hadde ikkje fritidsproblem. Det ordet var vist ikkje påkomme i den tida, korkje for born eller vaksne. Borna var med ute på bøen og gjorde det dei greid­de.

    Elles leika dei seg i berga og haugane, og leikane hadde dei laga til sjølve. Det var ikkje so mykje dyre leikar dei hadde i den tida, men likevel var dei glede i leikane sine, gjerne meir enn dei er i dag. Å binda geitene var borna sitt arbeid, og dei var heller ikkje store før dei begynte å mjølka geitene. Det var so naturleg at borna måtte læra seg å arbeida.

    Slåtten byrja med jonsoktider, og heldt på heile sommaren. Det var korkje traktor eller fórhaustar. Me var no heldige, me hadde slåmaskin og hest, det var det ikkje alle som hadde. Høyet vart turka på marka når véret var fint. Elles var det å setja opp lange hesjar. Det var godt å ha mange river så alle som hadde tid kunde vera med å raka, breia og snu. Folk hadde både stuttorvar og langorvar. Dei hang i rekke på veggen attmed slipesteinen. No er det ikkje alltid so snart å finna ein ljå eller ei rive, om du har bruk for det.

    Det hende og at me var i ut­marka og slo, visst veret var fint millom høy- og håslåtten. Det tok gjerne ei veke å slå i marka. Frå eldre tider hadde dei kvar si markeslette som dei slo. Inne i Dalen var det små markeløer uppsette. Der dei tok høyet inn i når det var turt. Det høyet skulde kjø­rast på slede heim um vinteren. Ofte var det mykje snø og is på elvane. Dei kjørde 3-4 bører på sleden, den lange og humpete vegen.

    So var det eit arbeid til som alltid måtte gjerast um sommaren. Det var å få veden heim. Veden hogg dei um vinteren og kjørde den fram til elvane. Der låg han til våren. Då vart den saga upp og sett i la so den skulde turka.

    So når det vart ein dag med mykje regn og store elvar, var det å få tak i nokre spreke karar som skulle vere med å løypa veden heim. Då hende det at me måtte få folk frå Lia og Kvamsdalen til å vera med. Fyrst måtte dei legga rynje som dei kalla. Det var nokre lange stokkar som dei bora hol i endane på, og så batt dei desse saman med bjørkevidjer som var laga til fyreåt. Dei som batt rynja måtte kunna vidjeknuten, for elles heldt den ikkje, og det var ikkje noko til karar visst dei ikkje kunne den. So var det då å kasta utpå veden, og så å fylgja elva nedetter med kvar sin løypekrok. Det var ein krok som var festa på ei lang stang som dei hogg i vedkubbane med.

    Dei løyste veden viss den la seg fast i steingjeller fram med elve­kanten. Ofte måtte dei uti elva for å få løyst veden. Me som var heime måtte gå med mat og kaffi til karane. Viss det var lang veg å løypa, måtte me gå to gongar med mat til dei.

    Når dei då var komne i rynja med veden, hadde dei båt og flåta rynja med all veden til den plassen dei skulde kasta den på land. So skulde den setjast upp att i la der, so den skulle turka att og heimkjørast. Men det vart ikkje gjort same dagen. Etter løypinga var det best å komma seg heim til ei varm stove, få turre klede og ein god middag.

    Då det leid til slutten av august eller begynnelsen av september, var det til å få tak i dyra som me hadde i marka. Dei fyrste var storebukkane. Det var dei eg hadde særs god kontakt med. Dei stod i floren heile vinteren, og eg hadde navn på dei og snakka med dei kvar dag og gav dei mykje godt. Det var no ikkje mitt arbeid å gå i marka og hente heim dyra, men når bukkane skulde heim, vilde eg gjerne vera med, for når eg kalla på dei, og ropte navnet deira, svara dei og kom lange vegar. Då hadde eg alltid med litt mjøl i ein pose, og då kunne eg berre gå føre, so kom dei etter. Og slik var det med geitene og, det var enkelte som eg hadde serleg god kontakt med. De kunne eg få til å komma heilt frå øvste liane og ned berre eg ropte på dei. Ja, det var ikkje fritt det rann ei tåra den dagen dei skulde slaktast. Ja det var mykje arbeid utover heile hausten, til me hadde fått alt i husa og dyra heim.

    Då var det ei tid me skulle ordna med husarbeid. Då var det å karda ull og spinna garn og strik­ka labbar, vottar og kanskje skulde me veva og. So måtte me tenkja på jula med noko nytt til borna. Klærne sydde eg sjølv og det var julepresangane dei fekk. Det vanka no gjerne nokre gåver frå tanter og onklar og besteforeld­re, og det gledde dei seg til. Men mest gledde dei seg til jula i det heile, til god mat og alt godt som høyrde jula til. Og so til juletreet og til å gå rundt treet og syngja julesongar.

    Her var det slik at den gamle tradisjonen måtte fylgjast både med mat og gjestebod, og kom det grannar og kjenningar, so måtte ikkje nokon gå ut att utan dei hadde fått mat og kaffi. Elles bar dei jula ut, sa dei gamle.

    Ja dette var berre noko av det som kan sviva i minnet gjennom eit langt liv. Garden er gammal, med mange generasjonar, og me kan sjå att­ende på mykje av det som dei gamle har gjort opp gjennom tidene.

    Dei lange steingardane, dei små og større florane med torvtak og never lag på lag, og dei gamle grøftane som me kan treffa på når me pløyer Jorda og mykje anna som me har sett, so ligg det mykje både slit og arbeid bak. Då går tankane til eit vers som står i salmen : «Fagert er landet»

    «Her ned i grunnen sveitten rann,
    trufast åt fedrane våre.
    Her det sin heim og hugnad fann,
    dogga med smil og med tåra.
    Her har det flødt eit såkornflod,
    varm av vårt beste hjarteblod,
    her har me grorbotn å veksa.

    Og so eit vers tilslutt:

    Lat oss ikkje forfedrane gløyma,
    under alt som me vender og snur,
    for del gav oss ein arv til å gøyma,
    han er større enn mange vil tru.

    Bjarnhild  Birkeland