Skip to content

Stølsferd med geiter

    Me hadde mange geiter heime om vinteren, men om sommaren reiste me til seters for å koka geitost. I siste delen av mai var det nok mat i fjellet åt geitene. Dei er flinke til å klive i bratte lier og fjellsider der snøen fer tidleg og det vert fort grønt. Difor er geitehald god utnytting av fjell­beite – som Masfjorden har rike­leg av.

    Det var litt av kvart å førebu før me kunne reisa. Først måtte me læra dei små kjea å drikka, for no skulle dei takast frå mora og klara seg sjølve. Men det var ikkje så liketil. Me blanda mjølk og vatn i ei litt stor ausa, tok litlefingen inn i munnen til kil­lingen og stakk nasa hans nedi mjølka. Jau, nokon av dei tok til å suga med ein gong. Då drog me fingeren ut av munnen – litt etter litt, og killingen drakk. Men nokre av dei var heilt umogelege. Dei ville ikkje ha noko av å verta tvinga ned i ausa med mjølkeblanding. Dei kava med føtene og vrei på hovudet så mjølka skvatt til alle kantar. Så fekk dei berre gå då, så fekk me prøva på att ein annan gong.

    Så var dagen komen då me skulle reisa til fjells og det gjekk gåve «over sjø og land» – som det heiter i songen. Me hadde fått tak i ein stor båt, men det måtte setjast gjerde rundt om så ikkje geitene skulle gå på sjøen. Som oftast hadde me om omlag 100 dyr, og det var mykje anna som skulle vera med: Mat måtte me ha for ei tid, sengeklede og mykje anna, det er ikkje godt å rekna opp alt.

    Då alt anna var innlasta, var det geitene sin tur. Dei heldt eit lurveleven inne fordi dei ikkje fekk koma ut til vanleg tid. Me måtte vera mange til å passa på at det ikkje var nokon av dei som lurde seg vekk. Dei fekk eta litt på bøen medan me sanka dei ned til sjøen. Jau, det gjekk bra å få dei om bord, når berre ei gjekk først, så følgde dei andre etter.

    Så kom motoren i gang og me tøffa innover fjorden. Veret var fint, sola skein og fjorden var så still at dei grøne liene spegla seg der. Slik ser eg det for meg. Etter omlag ein time var me fram­me og la til kaien. Me som skulle gå med geitene måtte vere ferdi­ge til å ta ut med ein gong. Budeia skulle gå først, og så måtte det vera minst ein på kvar side til å sjå etter at ingen geiter lurde seg vekk. Det gjekk helst fort -geitene sprang, og me som fylg­de dei måtte og springa. Men etterkvart som me kom oppover, vart dei roligare og me kunne slappa litt av. Etter to-tre timars marsj var me komne så langt at me såg i Storevatnet. No hadde me berre att å gå gjennom «Urdane». Men det var ikkje så enkelt. Der var store steinar med svære hol innimellom. Ein kunne snart detta nedi eit hol og slå seg eller bryta bein. Endeleg var me komne så langt at me såg setra !

    Dei låg der så einslege og grå, men det var så fint å sjå dei – der på bakken ved vatnet. Me kjen­de slik ange av hegg, for vegen gjekk framom mange heggar som sto i full blomst. Og så var det den friske, fine fjelllufta, reint godt vatn og reine berg og stei­nar. Alt helsa «Velkomen til seters !!».

    Men endå var ikkje resten av folket komne. Dei som skulle ta seg av varene som me skulle ha opp, hadde fått seg hest og kjer­re og køyrde det vesle stykket det var veg. Så var det å leggja kløv på hesten og ta bør på ryg­gen sjølve vidare opp til Store­vatnet. Der var det ei stor ferje til å frakta alt over med.

    Men dagen var enno ikkje slutt. Me måtte få geitene i hus og binda dei så dei ikkje stakk av. Så måtte me få på plass både mat og klede. Eg skulle vera budeia i sommar, og visste kor­leis alt skulle gjerast, så eg var ikkje redd for å ta til.

    Og så var kvardagen i gang Me måtte opp i halv seks-tida om morgonen og mjølka geitene. Sidan var det å separera mjølka og få ho i den store ostekjelen. Det var om å gjera å «kjæsa or» og få mysa på kok så tidleg på dagen som råd var, for då vart me tidlegare ferdige med osten, og det var von om ei lita kvile­stund før kveldsmjølkinga. Dette vart rutinearbeid, det same kvar dag både helg og vyrke.

    Han som var «gjætar» var ein nabogut. Arbeidet han skulle gjera var å stella geitene, gjera fjøset reint kvar dag, og gå etter geiter som la seg ute. Det gjorde dei kanskje når det leid på sommar og det minka med mjølk. Elles var det gjætaren sitt arbeid å bera inn veden når han var turr. Det hende han måtte hogga ved i skogen òg, for det gjekk mykje ved. Men mjølkinga kveld og morgon var me alltid begge om. Det var for mykje arbeid for eitt menneske å mjølka over 100 geiter.

    Litt vil eg og fortelja om natu­ren og livet ikring oss. Der var mykje å sjå og høyra utanfor dørene. Ein kveld me sat og mjølka, vart me var at ei av gei­tene sto og stirde ut gjennom eit gles i veggen. Ho bles i nasa og var svært oppteken av det ho såg. Me vart og forvitne og ville sjå kva det kunne vera. Å-hå, ein røysekatt var det. Litt sky var han og gøymde seg då me kom ut. Men så var han forviten og måtte titta fram att. Ja, han fekk no berre gå der, me måtte mjølka ferdig. Tidleg neste morgon då me sto opp, såg me nokre små brune nøster som leika seg på ei fururot nedanfor setra. Du store min, det var fire røysekattungar.

    Kvelden før hadde me sett ut garn og hadde fått nokre små ørretar. Gjetaren tok og sløgde fisken, så tok han hovud og innmat og stiltra seg bort til fururota og la det frå seg der. Me var spent på kor dette ville gå, og jammen vart det liv i leiren! Dei sprang, hoppa og dansa! Å huskom-hei, dette var moro. Dei måtte leika seg litt med maten før dei åt han. Slikt noko hadde dei visst aldri ete før. Etterpå smatt dei under rota og la seg.

    Men mora var nok ikkje for­nøgd ho. Då me sat og mjølka, såg me at ho kom opp mot setra. Kva var det ho lurde på no, tru ? Jau, inne i skotet sto ei bøtte med fisken i og døra sto open. Røyskattmora tok beine vegen mot døra, det var nok best å skunda seg for å berga fisken. Men jamen hadde ho vore snar i snuen, ho hadde alt vore over kanten på bøtta og fått tak i ein fisk. Då me kom etter og ville ta fisken frå henne, sette ho i eit skrik. Ho trudde nok at ho kunne skremme oss berre ho skreik høgt nok. Den vesle skapningen var så fin der ho sette seg på bakbeina og gneldra når me kom for nær. Me måtte henge fiskebøtta under taket dersom me og skulle ha noko til middags.

    Sjølv om dagane var fulle av gjeremål, vart det kveld på setra. Me var ferdige med osten, hadde mjølka geitene, separert mjølka, vaska opp og ete kveldsmaten. Men kvelden var enno lys og lun. Eg måtte ein tur ut og nyta det fine veret. Kveldssola farga dei øvste fjelltoppane raude. Vatnet låg der så stilt og blankt. Nei, så var det ikkje heilt blankt likevel, for ørreten tok til å stikka nasa opp i vasskorpa etter insekt. Det vart små, runde ringar som etter kvart gjekk lenger og lenger utover. Nokre fiskar spratt høgt opp og datt nedatt med eit plask. Då vart det enno større ringar. Eg sat og såg på dette ei stund, det var så fint og sitja der i ro og fred, midt inne i fjellheimen,

    Ein liten tur innom i fjøset for å sjå kor geitene hadde det, høyrde med til kveldsritualet. Nokre av dei låg og halvsov, andre jorta. Ei og anna sto og grov med framføtene for å gjere lægja si i stand. Alle «perler» måtte vekk, det skulle vera reint før dei la seg.

    Eg gjekk bort til den geita som eg kalla mi. Ho låg og småsov, men vart vàr at eg kom. Stilt kviskra eg namnet hennar, ho kjende det og svara med mekring. Kor godt det var å kjenna at eg hadde kontakt med dyra. Eg var så glad i desse geitene, dei var så koselege dyr.

    Då eg kom ut av fjøset, høyrde eg ein hubro oppe i lia som skreik sitt u-hu. Den lyden lika eg ikkje, så eg skunda meg inn att og let att døra. Gjetaren var visst alt sovna, og no kjende eg at det skulle vera godt å sova og kvila, for i morgon var det ein ny travel dag. Til duren av fossen borti elva sovna eg straks.

    Då me hadde vore på setra ei tid var alle hyllene fulle av ostar og det kom folk heimanfrå med hest for å frakta osten ned til sjøen. Me pakka i kassar som var laga høvelege til storleiken på osten. Så var det å ro om vatnet. Der gjekk hesten og åt seg god og mett. Så skulle det lagast til kløv. Det vart hengt ein kasse på kvar sida i kløvsalen, dei vart festa godt så dei ikkje skulle falla av. Osten vart send med «dampen» til byen der ein handelsmann tok imot alt sa­man.

    Ein sommar hende det noko som eg minnest vel. Ein kveld var det ei geit som ikkje kom heim med dei andre. Ho kom ikkje att dei neste kveldane heller, så me skyna det måtte vera noko gale fatt. Me tok oss turar på leiting, men fann ingen ting.

    Ein ettermiddag skulle eg sjå etter nokre kalvar som me ikkje hadde sett på ei tid. Eg hadde gått eit langt stykke, og stogga for å sjå meg godt om. Litt lenger framme sto eit tre, men det var noko underleg med stamma på dette treet. Eg skulle til å gå vidare, men då stakk det så ilt til i bringa: Der hang geita som me sakna, den eine framfoten hang fast i ei «kluft» i treet. Ho hadde nok strekt seg for å få tak i lauv og så hadde klauva sett seg fast. Det stakkars dyret hadde hange der i fleire dagar.

    Geita var ikkje daud, det var såvidt liv i henne. Eg lyfta henne opp og fekk foten laus og la henne på bakken. Men korleis skulle eg få henne heim til setra? Eg kunne ikkje berre gå frå henne der. Det var berre ein ting å gjera. Eg tok ho over skuldra og bar ho heim, der la eg henne på bakken. Det kom nokre svake lydar frå henne, ikkje vanleg breking.

    Gjetaren sat og mjølka då eg kom, men han og kom ut og saman sto me der og såg på geita. Me fann ut ho nok måtte avlivast, for ho hadde nok aldri vorte frisk att.

    «Det er no berre eit dyr», seier me ofte, «og ikkje noko å ta på veg for eller sørge over». Men det er ikkje berre eit dyr. Det er eit levande vesen, skapt av den same Gud som oss, og som me har stelt med og vorte glad i. Difor er det vondt å sjå dyr som lid.

    Det er fint å vera på fjellet når det er fint ver og sola skin. Men når regnet høljar ned i strie strau­mar og elvane fossar ned etter fjellsidene er det surt både for folk og fe. Då ville ikkje geitene gå ut or fjøset, dei sto og mekra heile formiddagen. Ei og anna prøvde utfor døra, men snudde fort inn att. Pysj, det var ikkje ver for ei geit. Men utpå dagen tok dei ut heile flokken, litt mat måtte dei ha. Dei kom tidleg heimatt – så våte at det rann av dei, og vel inne rista dei seg så vatnet dreiv. Jammen var det godt med tak over hovudet.

    Dagane gjekk fort, og me treivst med arbeidet. Av og til kom det ferdafolk som slo seg til ro nokre dagar for å nyta frisk fjell-luft og fiska litt. Alle ville gjerne kjøpa fersk geitost, for Masfjordgeitosten hadde ord for å vera den aller beste. Me var litt krye over det.

    Sommaren tok til å halla over til haust. Lufta vart kaldare, men klår og fin. Geitene mjølka ikkje så mykje lenger og dei var heller ikkje så flinke å koma heimatt om kveldane. Dei lika å gå på høgste tokkane og leggja seg, og gjetaren måtte gå og henta dei.

    Me var no komne ut i oktober, og det var tid for heimreis. Far og ein av brørne mine var komne for å få ned att osten og alt det som ikkje kunne vera att på setra. Alle mjølkespann og kje­rald måtte berast i hus. Så kom siste kvelden på setra. Eg måtte ta meg ein tur ned til vatnet. Kvelden var kolande mørk, men ein slik stjernehimmel har eg sjeldan sett. Stjernene var som strødde utover, tett i tett, og vat­net låg der so stilt og blankt. Eg sto der i undring: Å, for eit fagert land me har med sine skiftande årstider. Ja, det var vemodig å ta avskjed med fjellet etter ein lang sommar.

    Men det var tid å koma seg i seng også den kvelden. Neste morgon var me tidleg oppe og åt frukost. Så var det å løysa geite­ne og få dei på rett veg, sidan gjekk det fort nedover. Karane kom med hesten og kløva. Nede ved vegen sto kjerra og venta, og alt vart køyrd det siste stykket ned til sjøen. Der låg skøyta. Så var det berre å få ostekassane og anna paragas ombord, og det bar utetter fjorden og heim. Farvel til fjellet og sæterlivet for denne gong!

    Bergit Haukeland