Skip to content

Sosiologen Paul Bureau i Bergsvik i 1906

    Franskmannen Paul Bureau fekk vinteren 1904 til oppgåve å reisa til «fjordlandskapet i det vestlege Noreg og gjera sosiologiske granskingar». Det var «Det interna­sjonale selskapet for samfunnsvitenskapen» som gav han oppdrage.t Bureau reiste til Noreg våren 1904, og granskingsferda hans her i landet varde 45 dagar. I den tida vitja han i alt 6 bondehuslydar som han spurde ut med spørjeskjema og med nye spørsmål som melde seg under samtalen på kvar gard. Det gardane han kom til låg på Jæren i Ryfylke, i Masfjorden, på Voss, i Nordfjord og i Trøndelag. Resultata av alt han systematisk hadde sett og frett la han fram i el bok som vart utgjeven i Paris 1906.

    Forfattaren takkar i føreordet alle som har hjelpt han i arbeidet. Fyrst bøndene som med godvilje har svara på mengder av spørsmål, stundom ublyge spørsmål, ofte einsformige. Han budde og overnat­ta i husa deira og sat til bords med dei i måltidene, han takkar for reist gjestfridom. Vidare takkar han menn ved konsulat og kontor i Bergen som har hjelpt til, og han takkar Lars Eskeland ved Voss Folkehøgskule og Wollert Konow på Stend. Til stor og umissande hjelp var fire prestar ved den katolske kyrkja i Oslo, dei kunne både fransk og norsk, og dei var tolkar i alle samtalar. Ein av dei var med Bureau til Bergsvik i Masfjorden.

    Refsa til Bureau byrja på Jæren sumaren 1904. Derifrå reiste han saman med tolken til Masjorden. Det må ha vore ikring 10. august 1904. Paul Bureau skriv til slutt i føreordet til boka («Le Paysan des Fjords de Norvege», Paris 1906) …at han vonar dei grundige ut­spørjingane ikkje skal uera gagnla­use dor dei som vigjer seg til studiet av menneskesamfunn ved observasjonsmetoden. Kapitlet om Masfjorden og Bergsvik står på s.37-104 i boka.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
    1 23 ... 10Neste »