Skip to content

Or minneboka til ei seterjente

    Når våren den komen er
    Med gras og blom og bær
    då brenn det ein lengt so varm
    djupt i min unge barm

    Den lengten den ulmar tidt
    og aldri eg blir den kvitt
    den hugen min dreg so blidt
    mot fjellet og setra den fer

    Den staden vart meg
    so kjend og kjær
    eg minnest alle
    gilde stunder der
    i helg og yrke,
    ved dag og seine kveld
    i skodderegn og solgulls stråle-eld

    Eg kjenner meg yrog glad
    snart skal eg til fjells få dra
    snart slepp eg or dalen trong
    og sullar sæl ein song

    Der uppe ved sumartid
    med fuglar dei syng ilid
    og himlen er blå og blid
    eg trallar dei gladaste kvad

    No eg atter komen er
    på solfagre støler her
    eg kjenner det alt so vel
    her trivst eg yrog sær
    alt er som det var i fjor
    høyr fuglar dei syng i kor

    Ja, her på stølen
    kan du tru er gildt
    ein draumstill kveld
    når soli smiler mildt
    Eg kjenner på slik hug
    so mang ein gong
    til tolka all mi glede
    ut i song

    For songen den lyfter gjer
    tanken på venger ber
    frier frå kav og sut
    so fritt yver tind og nut
    Leikand i himmelrand
    med sola den glør i brand
    stanar til sist hjå han
    som hev blitt meg so kjær

    Forfattar ukjend