Skip to content

Kringlebotten gard

    Den som ferdast inne i ville fjellet vil vel undra seg om dei brått kjem over far etter folk frå gamal tid. Radt fram til midten av 1940-åra var eit handfast far etter dei som hadde levt her inne. Eit liv i nøysomheit som dei som lever i vår tid snautt kan drøyma om.

    Like til våren 1945 sto det gamle «rare» tømmerhuset i Kringlebotten. Det hadde vore vern om dei som levde her inne i einsemda, og vorte påbygd etter kvart som dei trong plass.

    Dei siste fastbuande flytte frå Kringlebotten i 1924, og det var besteforeldra mine. Dei hadde vore ein flokk i huset på 12 sys­ken, far og mor, og som vanleg var: besteforeldre. Ikkje rart at huset vart bygt i fleire høgdenivå.

    Ein hadde ikkje boremaskin å hjelpa seg med om fjellet «skaut rygg» og kom opp i dagen. Då fekk ein før laga eit trinn opp og fylgja fjellryggen. Soleis hadde huset etterkvart vorte 20-25 meter langt og med tre forskjel­lige høgder.

    Dette monumentet klarte Hitler sine lakeiar å setja fyr på då dei kom seg inn i dalen i dei siste krigsdagane.

    Segnet fortel at det var ein ulivdsmann frå Modalen som var den første mannen som tok til herinne.

    Kva hadde so han å hjelpa seg med i villfjellet ? Ein kan lenkja seg at han måtte fara til skogs for å berga livet. Ikkje hadde han så mykje i «panken» sin. For i det heile å berga seg, måtte han vel ha ei slags øks og ein kniv?

    Eg har vidare tenkt at det måtte vera vår eller sommar då han kom fram på Åsen og såg ned i dalen som seinare fekk namnet Kringlebotten.

    Kanskje har han funne ut at han var rimeleg godt gøymd her inne i denn hola med fjell som stengde frå Modalen og Fossen, og vatnet som stengde frå Matre-sida. Den fyrste mannen kjende vel eit slags tryggleik her inne i denne gryta.

    Det kan vel neppe seiast at den same kjensla rådde grun­nen for dei som sto vakt herinne i 1945.

    Heile Kringlebotten gard var i dei dagane forlegning for Bjørn West, og 30-40 mann hadde til­hald her. Ein av dei som sto sentralt i vakthaldet, sa det slik : «Eg hadde kjensle av at eg var i ei gryte, og venta berre på at tyskarane skulle leggja loket på».

    Kvar fann den fyrste mannen levemåten her inne i auna ? Der var aure i vatnet, og etter gamalt av var det tilhald av vilt inne i dalane til Grønlia og Fagerdalen.

    Eg høyrde bestefar fortelja om jakt i dalane på hjortedyr, og jakt på åsen etter rjupa og orre som der var nøgda av. Dei seina­re åra har det meste vore eit hende at ein har funne fugl, men hjorten er komen inn att i dalen.

    Ein får tru det var eit «forsyn» som gav tilgang på mat i fjellet den gongen det trongst. Idag er jakt berre til tidtrøyte og ein sport. Den gongen var det mest eit naudsynt tilskot til livberga.

    Den fyrste som starta her inne hadde nok ikkje mykje å hjelpa seg med hverken til fiske eller jakt.

    Det er utruleg, men han over­levde og hadde skaffa seg fami­lie, seiest det.

    År etter hadde nok rykte om at ulivdsmannen var i live nådd bortom fjella, og ein julaftan kom det brått tre mann og skulle «gjera opp» med modølen.

    Han tok då kona og borna og stengde dei inne i løa, og tok seg so av oppdgjerdsmennene. Et­terpå rodde han langs stranda på heimevatnet og kvitta seg med «gjestane» der. So seier soga.

    Det rare var at isen kunne liggja tommetjukk på vatnet overalt, men nett eit stykke langs vasskanten bortimot Krokstad­elva la aldri isen seg, og det skulde vera der dei ubedne gjes­tane vart gøymde.

    Då bestefar var heime, sto det eit «målehus» nett på den plas­sen. Og eg tykte det var spennande å fylgje med når han om morgonen skulle avstad og «lesa av». Det var etter at Matrefallene var komen inn i biletet, at den målinga tok til.

    Elles er det vel å tru at den fyrste mannen tok den verste støyten. Seinare måtte det vel gå på fram, må ein tru. Då bestefar budde her inne, hadde han år om anna 7-10 mjølkekyr på båsen, og smale i garden. Sauen måtte ein vel ha på ein slik plass, skulde ein halda seg med klær.

    Når alt arbeidet utomhus var ferdig utpå hausten, måtte kvinnfolka setja seg til rokken. Når so garnet var ferdig, var det å ta fatt på strikking av sokkar, vottar og underklær. Veven sto på nordste kammerset og var i bruk heile vinter og elles i året når ei hadde tid til å sitja der.

    Det skulle vevast vadmål til karaklede, og noko tunnare som heitte einskjefta til kvinneklær, og elles skulle det mange ulltepper til so mange senger.

    Ein måtte vera sjølvberga på ein slik stad.

    Rart å tenkja på at kampen for levemåten var so hard at dei vel aldri hadde tid til å kjeda seg. Ikkje hadde dei fritidsproblem heller! Karane hadde sitt å gje­ra. Dei hadde ei mengd med utløer der utslåttehøyet vart samla. Dei kunne liggja på ut­slåtten langt av leid heile veka til endes, sumar som haust, for å samla det naturen gav dei. Så var det vinterarbeid å få det heim på vinterføre når ein kun­de bruka ein lett slede å draga det på.

    Elles var det å få ved til husane, og det skulle mykje til. Fyrst var det eit slit å halda varmen i eit stort, gjese tømmerhus vin­tersdag. Elles måtte ein ty til veden heile året. Ein hadde ikkje anna å hjelpa seg med, skulde ein få koka mat og varma vatn.

    Eg minnest ikkje meir enn ein stor etasjeomn som skulde skaffa varme i den store stova. Røyret som gjekk forbi sovesalen i andre høgda, var det som skaffa varme deroppe. Det var ei god opning omkring, som vel var for å få varmen opp, og for at det ikkje skulde vera fare for brann når ein stormfyrde på det kaldaste.

    Ute i kjøkkenet var det ei grue til vass- eller grautgryta, og den vart såleis brukt kvar dag. Fram­for grua kom fjellryggen i dagen. Godt tilpassa om ein var uheldig med ei glo.

    Eg vil tru det var litt av eit byte då det vart alvor av å bryte alle band og fara heimanfrå.

    Bestefar og bestemor vart med eldstesonen som kjøpte seg tein gard oppi Sunnfjord. Etter nok­re år då utbygginga tok til for fullt inne i Odda, flytte so dei dit, der fleire av slekta hadde busett seg før. Til slutt var sju av sys­kenflokken og foreldra samla der inne på Tokheim. Eg har undra meg mang ein gong om dei ikkje lengta innatt i stilla, sjølv om livet vart «lettare» i industriby­en. Mykje vart tapt i all uro både dag og natt.

    Her inne er menneskje sitt strev med å hausta det naturen gjev avlyst av rappe seiskjeftar som et seg inn i fjellheimen. Dei vert slepte inne i Fossdalen om våren og sanka heim seinhaus­tes. Omlag 3000 «slåttekarar» tek seg av slåtten der fjellfolka før streva frå vår til haust.

    Men framleis ligg naturen, fjella og stilla der – so vår tids menneske kan nyta ei sundagstund i dei traktene. Tenk litt på dei som levde og sleit her inne, og trass i strevet var nøgde med tilværet. GOD TUR!

    Åslaug Matre