Skip to content

Frå reiseskildringa til Paul Bureau anno 1904

    Franskmannen Paul Bureau si vitjing på garden Bergsvik i 1904. (Etter hans eigen rapport «Le Paysan des Fjords de Norvege» Paris 1906.)

    Omsetjing til norsk ved Johannes Gjerdåker. Første del av rapporten og ei innleiing stod i Fjon frå Fjell til Fjord nr. 4/1994.

    Overdraginga av ein odelsgard grip inn i stoda til tre persongrupper: odelsguten, faren og mora, dei andre borna. Om stoda til odelsguten har eg ikkje noko meir å seia enn det som alt er sagt (sjå årboka for 1994), og ved fyrste augnekast synest hans vilkår misunningsverdige og i alle tilfelle fullgode: Lat oss no sjå om den meininga er velgrunna.

    Kvar vert det av foreldra? Til dette spørsmålet gjev sjølve dømet med den gamle Bergsvik eit svar. Då Thorsen selde garden til odelssonen sin, vart det gjort semje om at det skulle betalast 4 prosent rente på den delen av overdragingssummen som ikkje vart oppgjord med det same. Dersom Bergsvik hadde vore rik, (det er særs sjeldsynt at nokon fjordbonde er det), ville dette ha vore den einaste skyldnaden som kvilde på kjøparen. Men endå om Bergsvik hadde noko midlar elles, ville garden likevel vera hovudinnhaldet i arvegodset hans; når han skreiv garden i frå seg, ville han missa alle middel til livsopphaldet. Difor fastsette han i salskontrakta den plikta sonen hadde til å forsyna han kostnadsfritt med ei viss mengd poteter og det same ei viss mengd havre- og byggmjøl, og å halda ei kyr og fire sauer for hans bruk. På den måten er mat og klede sikra for kårmannen: berre oppvarminga fell på han sjølv, for han har ikkje teke undan nokon rett til skogen. Då stod hus-spørsmålet att: Bergsvik har løyst det ved å halda undan rett til å hogge så mykje tømmer på garden som trengst for å byggja ei lita stove, og etter nokre månader kunne han faktisk flytta inn, saman med kona si, i den nye stova som han har bygt seg.

    Dette er ein vanleg måte å gå fram på mellom norske bønder, når dei er komne dit at dei har overdrege garden til odelssonen; forklåringa er at dei slik samtidig sikrar seg sin eigen fridom og respekterer fridomen til den andre parten. I desse einslege fjordlandskapa, er menneska så vane med å leva einsamt, med å ikkje kjenna nokon annan kontakt enn den som kona, born og tenarar fører med seg, at dei ottast lite grand den nye stoda dei ville få ved å leva i hushaldet til odelssonen, når han er gift og eigar og brukar av garden.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7
    1 23 ... 7Neste »