Skip to content

Seterdrift i Masfjorden

    Fjellviddene har alltid vore eit viktig ressursgrunnlag for folket i Masfjorden. Dei var med og ga masfjordingane ei økonomisk sikring som øykommunane vanta.

    Utnyttingsgraden av desse res­sursane var størst på den tida seter­drifta nådde sitt høgdepunkt. Det var i første halvdel av 1700-talet at einskilde gardar i Masfjorden tok til å nytta fjellbeita. På denne tida var det mykje rovdyr i fjellet, særleg bjørn og ulv, som nok skapte eit pro­blem for mange bønder. Ei av opp­gåvene til seterjenta og gjetaren var å verne buskapen mot villdyr.

    Men på 1820 – 1830-talet byrja ein å få bukt med rovdyra, og då fekk se­terbruket ein oppsving. I hundreåret 1820 til 1920 kan ein seie at seter­drifta blømde i Masfjorden.

    Ein del setrar har namn etter plassen dei ligg på, som til dømes Steinsdalen, Norgilsbotten og Hyttemarka. Men dei fleste har namn etter garden dei høyrer til som t.d. Mollandssetra, Eikemostølen, Litle Matrestølen og Nordkvingestølen.

    Dei fleste setrane i Masfjorden ligg i eller like over tregrensa, som kan variere frå omlag 350 meter i dei ytre områda til 600 meter inst i fjorden. Unntak er Baugesetra og Bergsvikstølen som ligg i tett bar­skog.

    Fleire gardar hadde særs lang seterveg. Garden Arekletten leigde beitemark fyrst i Bukkedalen ved Stordalsvatnet, og sidan i Hyttemarka ved Fosse. Først måtte dyra førast i båt inn til Matre, sidan opp dei bratte Fossekleivane og til slutt den lange vegen inn til setra. Enkel­te gardar hadde eigen «kyrebåt» som kunne ta opp til 8 kyr i ei vending. Elles nytta dei ymse slag båtar som t.d. notbåtar. Kløvhesten tok dei stundom med på dampen.

    Duesund hadde i mange år se­ter for både kyr og geiter på Feten ovanfor Haukeland ved Storevatn, og Rambjør hadde seter i Steinsdalen.

    Kyrne var vanlegvis på setra i tolv veker, frå jonsok til midt i septem­ber. I denne tida var det budeia som hadde ansvaret for dyra og alt arbei­det som fylgde med. Ein gong i veka eller kvar fjortande dag, det varierte litt med avstanden til setra, kom folk frå garden opp med kløvhest for å henta heim budrotten. Den var smør, prim og gamalost.

    I 1920-åra vart nokre få setrar i Masfjorden nedlagte, medan dei fleste heldt fram med drifta til siste verdenskrigen. Dei siste var endå i drift til utpå 1950-talet.

    Då dei slutta med seterdrifta, vart ei rekkje tradisjonar borte frå bygdesamfunnet i Masfjorden. Alle skikkane, gjeremåla, arbeidsproses­sane og heile den materielle kultu­ren, husa og reidskapen vart grad­vis historie.

    Forteljingane om seterlivet i Masfjorden skildrar det slik dei som sjølve var med, opplev­de det.

    Jonas Riisnes