Skip to content

Om blomehagen til Aslaug Riisnes – og litt til

    Fyrste gongen eg kom til Masfjorden ( Risnes ) var i 1939. Det hadde seg slik at i gymnastida mi på Voss hadde eg vorte kjend med Sofie frå garden Risnes, ( og då det p.g.a. styresmaktene ikkje vart nokon russetur det året ), bad Sofie meg med til Masfiorden. Og rundt 10. juni kom me med gamle dampbåten «Masfjord» til Risnes.

    Eg hadde ein gong tidlegare reist med Fylkesbåtane mykje godt den same turen, men desse båtane hadde ikkje stoppestad frå Skjerjehamn til Bergen. Med «Masfjord» derimot var det stogg både her og der, og det var mange menneske samla på dampskipskaien. Det er nok sant det som står i visa: «Dar kjem dampen, gamle dampen, ta på deg treskona og spring.» Turen til Risnes tok omlag sju timar. Men det var lett sørleg bris og klår himmel, så eg lærte mykje om Nordhordland den dagen. Og «guide» hadde eg.

    Då me for framom holmane i Fensfjorden og svinga mot nord-aust om Dyrøyna, verka landskapet nokså nake, men jammen endra det seg fort. Og innseglinga til Risnes (Vikja), «det fyrste synet», gløymer eg aldri. Det var (og er) vakkert .Det er berre så synd at reisande dit i dag ikkje får nyta det vakre synet.

    På dei få minuttane båten bruka frå «Dyrøyspissen» til «Vikja» lærte eg namn som «Garpenessundet», «Krossneset», «Kjeøyna», «Fagervik» og «Fagerviksundet». Nett i dette strøket har eg seinare i robåt med «hangande snøre» hatt mange fine opplevingar både åleine og med familien på Risnes på søndagskaffiturar.

    Så bar det vidare over Risnesstraumen frå «Postvikja» til kaien på Risnessida. Og det var litt av ein kai! Murt av fin stein, var han og med trapp for folk til å koma i land. Og ved naustet låg to småferjer, ei storferje (hesteferja vart kalla) og to robåtar. Ein skulle tru at Risnesgardane låg på ei øy, og at alle båtane var greier som førde frå einsemda på Risnes til sivilisasjonen i «Vikja» ( Brua over Risnesstraumen var ikkje bygd den gongen, var berre påtenkt. Ho vart fyrst opna hausten 1942).

    Naustvegen opp til garden var ikkje ein kronglete stig som eg var van med frå mine heimetrakter. Brei og god var han og med ein allé av kjempestore tre. Det var tydeleg at her hadde budd folk med smak for det vakre i lange tider. Her var og kvileplassar i form av både ja-benk og nei-benk, altså brukande for både unge og eldre ( Det kan nemnast at alleen vart delvis øydelagd av orkanen som rasa over Vestlandet på seinvinteren i 1949 ).

    Så bar det til garden og tunet. Og då måtte eg ( inni meg ) tenkja på Ivar Aasen sitt vakre dikt om heimegarden : «Tidt eg minnest ein gamal gard med store tre og runnar.» Her var det alt saman.

    Pages: 1 2