Skip to content

Om bruken av naturressursane i Masfjorden

    Ein må vel kunna seia at all­maktahar vore raus på handa den gongen Kvingegardane vart skapte. Med front mot Austfjor­den ligg desse gardane innanfor med vågar, viker, vassdrag, med vatn, elver og fossar, barskogar, lauvtrelider og fjellskog med fjellbeite, både for sau og storfe, og med fjellslåttar i tidlegare tider.

    Desse naturressursane har vore til nytte, til gagn og glede, ikkje berre for bygda her, men også for tilstøytande kommunar og bygdelag. Om dette skal ein koma attende til seinare.

    Men fyrst noko om fiske og fangst:

    Fiske med snøre, dorg, setjegarn og liner vart drive av eins­kildpersonar. Mest kvar gardbrukar her dreiv slikt fiske, og dette var berre til eige bruk. Fiske for sal måtte drivast med not­bruk, det eg her vil kalla kollek­tivt fiske, fordi det var så ressurskrevande at heile grender måt­te gå saman om slike tiltak. Her måtte ein skaffa kastenot, låsenøter, notbåt, spelbåtar med turvande utstyr, og nothus med alt utstyr som måtte til for turking og barking av nøter.

    Etter kasting var det ikkje mange dagane noti kunne liggja i båten før ho vart hengd til turking. Denne gjekk føre seg ved at nota vart lagd i folder over ragjer – lange, runde, kraftige stenger som vart lyfta oppunder nothuslemmen, og lagd til rettes der. Desse ragjene måtte plas­serast med høveleg avstand slik at lufta kom godt til mellom notfoldene.

    Barking av nøtene måtte gje­rast på føresumaren, i god tid før sildeinnsiget kom. Det tidlegas­te eg minnest vart det til denne barkinga nytta heimabark. Eg hugsa han far losta – tok never av bjørka på føresumaren, når saftspenninga i trea var på det høgste. Barken løste godt frå trestamma også på denne tida. Denne avbarkinga måtte gjerast året før den skulle nyttast.

    Men etter som losting og avbarking etter kvart tok slutt, vart det til at ein kjøpte barken frå byen. Barkesåane som vart nytta var lagga kjerald laga av eintoms plank. Storleiken var ca. 100 – 150 1.

    Det fyrste eg kan minnast, det vil seia dei fyrste 1920-åra, var her berre to notlag på Kvingo. Det var Sørkvingo notlag og Nordkvingo notlag. Etter kvart vart det fleire lag. På Sørkvingo var der ein drivande kar som heitte Ole T.Lidal, i dagleg tale her kalla Lidalen. Han var ein føregangsmann når det galdt dette med notbruk og sildefiske. Han var den fyrste her som nytta motordriven notbåt til landnotfisket. Noko seinare skaffa han seg skøyta og snurpenot. Denne Lidalen hadde alltid bruk for ar­beidsfolk, og det var ingen vans­kar for han å få tak i dei «nothundar» han trong til kvar tid.

    Etter kvart vart her fleire notbruk. På Sørkvingo var det: gamle Sørkvingo notlag, så var det Lidalen, og så Rausialaget – ein slags «fusjon» avÅbakken og Nygard. Nordkvingo notlag vart delt i Birkebeinarane og Baglarane – eit slags historieplagiat.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9
    1 23 ... 9Neste »