Skip to content

Torvtaking

    «Å taka torv» om våren var ei svært viktig onn i Halsøy. Det skjedde som oftast i slutten av mai månad. Då var våronna over. Var veret fint, var det no ein eigen sjarm over det, sjølv om det var tungt arbeid og eit skikkeleg «klin» Det var tyngst for karane som stod i «skuren» Det var ikkje små «ostane» dei heiv opp or «slompen». Og når dei kom djupt nok ned, kasta dei torvostane like høgt som dei var sjølve. Dei stod på plankar nedi torvslompen så dei ikkje skulle omkoma, for det var skikkeleg blautmyr.

    Oppe på kanten stod hesten og gumla høy frå sekken mellom kvart lass. Av og til måtte dei pumpa vatn ut av slompen, så dei kunne få arbeida. Torvplassen låg så nær Stemma at det seig vatn inn.

    På torvhaugen samlast kvinnfolk og born på garden med spadar for å «stikka ut» torv. Vi kvelvde spaden og skar osten i 4-5 skiver og la det utover berget til turk. Og jamen måtte me driva på for å halda unnan for kvart lass.

    Det var alltid nokon att heime som koka middagsmat og den kom dei ut til torvhuset med. Og det var eit stort lyspunkt i slikt. Etter maten la karane seg ned i lyngtuene med luva over andletet og tok middagsluren, og det var godt for oss alle å få retta ryggen ei stund. Men det vart aldri lange kvila, det var om å gjera å driva på medan veret var opplett. Det gjekk gjerne 2-3 dagar før det var fullt på haugen. Så skulle torvet liggja og turka ca. 14 dagar eller til det var blitt så hardt at det gjekk an å «krakka» det. Å krakka torv vil seia at me snudde det og reiste det opp to og to torver mot kvarandre og lagde som små krakkar eller hytter. Var me heldige fekk det stå slik til det var turt, men somme gonger fann kuflokken det for godt å ta seg ein runde på torvhaugen, og der la dei no frå seg «kaker» og reiv ned krakkane våre. Så då var det berre å rydda opp etter dei. Ja, så var det jobben å få torvet i hus og lagra det til vinteren. Vi bar det i kiper på ryggen, for det var alt for uryddig å bruka hest og kjerre mellom haugen og torvhuset, men det var ikkje så langt å gå. Somme gonger hadde me så mykje torv at me fekk ikkje kipene innom døra på resten. Då tok me nokre panner av taket, la plankar frå ein haug som låg i høgd med torvhuset og så gjekk me over den og tømde torvet gjennom taket.

    Utover hausten og vinteren tok me til å bera torv heim og tømma det i torvbingen i smia. Det hende om vinteren dersom det var mykje snø og godt føre at dei køyrde heim eit lass med hest og slede. Eg kan også hugsa at me tok skøytene med oss dersom «stemma» bar, og så skauv me torvkipene framfor oss så langt det gjekk. Då var det no litt moro å gå etter torv.

    Ja, torvet var ein god brensel. Vi brukte vel meir torv enn ved til oppvarming, både fordi det varma godt og heldt mykje lenger varmen i ovnen. Den gongen var det ikkje så mykje skog å ta av heller.

    Solveig Bauge