Skip to content

Prosjekt Øystemma

    Dei som har reist med bil ut mot Arekletten, har sikkert lagt merke til den store myrlendte flaten midt inne på Halsøy. Dette er Øystemma. At det er ei stemme her, er det kanskje ikkje så mange som har lagt merke til – dei to stemmemurane som er bygde, er små og ikkje så lett å få auge på der dei ligg omkransa av buskar og annan vegetasjon.

    Men i si tid var Øystemma anlagt for å gi vatn til eit kvernhus og ei sag, og den dag i dag er det råd å fylgje den vegen vatnet har teke frå sluseopninga i nordenden av stemma, og like til sjøen. Det er ein fin liten tur, ikkje meir enn ein liten kilometer lang.

    Frå sluseopninga renn vatnet i ein bekk gjennom eit flatt, myrlendt område med småvaksen furuskog. Det er rimeleg lett å ta seg fram her – det går stiar på kryss og tvers; dei er laga av hjorten, som ser ut til verkeleg å trivast i dette lendet.

    Litt lenger fram renn bekken ned i eit lite dalsøkk. Her er stien menneskelaga : langs bekkefaret ligg steinar sirleg oppmurde som ein liten veg. Truleg var dette naudsynt for at ein skulle kunne gå tørrskodd langs bekken når vatnet fløymde som friskast.

    På tvers nede i dalsøkket er det murt opp ein godt og vel meterhøg mur, som markerer skiljet mellom utmark og innmark. Her er vegetasjonen storvaksen og tett, noko som gjer at muren for det meste ligg i skugge. Dette har ført med seg at muren og trea ikring er kledd med irrgrøn mose.

    Når bekken kjem inn på innmark, forsvinn han ned i ei lang kisteveit. Dette gjev grunnlag for refleksjonar : Ved å leide vatnet gjennom veita, kunne ein spare verdfult innmarksareal. Og når ein veit kva innsats som må ha lege bak anlegginga av veita, forstår ein kor viktig jorda må ha vore for dei som budde her. I ei tid der meir og meir jordbruksareal vert gjort uproduktivt, er dette ein tankevekkjar.

    Men vatnet i bekken er ikkje under jorda heile tida. Eit stykke frå gardshusa ligg eit lite kvernhus, der vatnet kunne førast via eit slok ned i ein støypt kumme, og derifrå gjennom eit trerør ned på kvernkallen. Kvernhuset skil seg ikkje nevneverdig frå andre kvernhus i Masfjorden, men konstruksjonen med denne kummen er meir uvanleg. Truleg er den blitt laga for å skape litt ekstra fart på vatnet – terrenget her er sopass flatt at det elles kunne verte vanskeleg å få tilstrekkeleg krefter på kvernkallen.

    Nedom kvernhuset vert så bekken ført vidare i ei anna kisteveit, nesten til sjøen. Her endar veita framfor restane av eit slok som i si tid har ført vatnet inn i ein fem-seks meter høg betongkumme som har forsynt ei no nedfallen sag med vatn.

    Til saman er stemmemurane, kisteveitene, kvernhuset og sagtomta eit anlegg som på ein fin måte syner korleis folk tok vare på vatnet som ein ressurs og nytta det på ulike måtar, slik topografien i området krov at dei måtte.

    Men åra har ikkje akkurat fare varleg fram med desse anlegga. Saga er ramla ned, og kan ikkje restaurerast. Det einaste som står att, er den høge betongkumma. Delar av kvernhuset – mellom anna kvernkallen – er i dårleg forfatning. Den gamle slusa i stemmemuren er rotna i stykke. Skulle det vere håp om å ta vare på delar av anlegga, kunne ein ikkje vente stort lenger.

    Difor vart det våren 1994 utarbeidd ein verneplan for dei delane av anlegga som det framleis var håp for. Denne planen består av fleire delar, som kvar for seg har eit konkret, avsluttande mål. På den måten vil det kunne late seg gjere å gjennomføre delar av planen, sjølv om andre delar ikkje vert gjennomførde.

    Eine delen omfatta Øystemma. Planen her var å utbetre stemmemurane og lage ny sluse, og dessuten registrere endringar i fuglelivet som fylgje av ei ny oppdemming.

    Andre delen omfatta stien frå stemma og til sjøen. Planen her var å rydde og merke stien, fortrinnsvis med opplysningsskilt, slik at dei som måtte ha lyst, kunne ta ein tur langs bekkefaret og oppleve og lære.

    Tredje delen omfatta kvernhuset. Planen her var å reparere kvernhuset og restau­rere sloket til betongkumma, trerøret frå kumma, og eventuelt lage til ein ny kvernkall slik at kvernhuset eventuelt kunne setjast i stand til å fungere.

    Fjerde delen omfatta innsamling og oppbevaring av opplysningar og minne knytte til dei ulike delane av anlegga som vart omfatta av planane.

    Pages: 1 2