Kunsten å ete smalahove

Melodi: Å kjøra vatten å kjøra ved

Først tek du hove legg det på fat,
og så med sikkert grep om kniven
tek du og deler opp denne mat,
men først så får vi ta ein stiv ein. SKÅL!
Først deler du det heile fint i to,
går laus på underkjeven, – den er god.
Med tenner små.
han gliser nå.
Ja, det er morosamt å leva.

Når underkjeven er skrapa rein,
så går vi laus på sjølve øyra.
Vi fører kniven tett inntil bein,
skjer øyra laust, – nå må du høyra!
Vi deler øyra for å fjerna brusk,
vi fjerner øyrevoks og anna rusk.
Lar det gli ned,
å himmelsk fred!
Ja, det er morosamt å leva!

Ja, godt det er og skal betre bli,
for sj
å, – nå nærmar vi oss auga.
Det ligg litt inngøymt, men råd veit vi,
snart skal vi nok i drykk det lauga.
Raskt stikk vi gaffelen bak auga inn
og vippar auga fram, – sjå sola skin.
Eg ser på deg,
det ser på meg.
Ja, det er morosamt å leva.

I augeholet er littgran feitt,
det smeltar nesten heilt på tunga.
Ja, trur du meg når eg seier at,
det blir du vakker, sprek og ung av.
Andektig et vi oss mot nasen ned.
fremst er ein godbit som må vera med.
Nå skolten her,
avgnegen er,
Ja, det er morosamt å leva.