Skip to content

Gjennom isen

    eit minne frå arbeidet med reisinga av Aldersheimen, fortalt av Magnus Johan Hope.

    Masfjorden aldersheim vart bygt i åra 1952-1956 og formann i nemnda for reising av heimen var frå 4.12.39, Halvard O. Duesund.

    I 50-åra reiste Hallvard Duesund rundt i kommunen og «tigga» material og dugnadsdagar til Aldersheimen, som no endeleg skulle byggjast.

    Oppsitjarane på Mjanger og Sandnes gav løyve til å fella fura innved Svartevatnet, det ligg innom Sandnesvatnet. Mjanger, Kvingedal og Sandnes grensar til dette vatnet, Andvik-grensa rekk nesten dit.

    Furene vart sagd ned med kappsager, eller skogs-ager. To mann drog saga, ein i kvar ende. Bogesager vart og brukte om berre ein sagde. Men ein mann hadde motorsag, ei tung slampesag frå Canada.

    Hallvard var ein meister med øksa, han la ned dei mindre furene med øks åleine, mest like fort som dei andre med sag.

    Det var i Svartebotn me arbeidde. Det tok 1 1/2 time å gå dit med hest frå Hope. Eg og fleire frå Sandnes hadde hest med. Fyrst vart furene køyrd heim til Torsteinshytta. Dette var føre jul. Så fór snøen. Då det vart høveleg snøføre att i juletider kommanderte Hallvard oss ut att. Nokre hestar køyrde no frå Torsteinshytta og ned til Sandnesvatnet, medan andre, mellom dei eg, Gerhard Hope og Johannes Haugsvær køyrde over isen.

    Eg trur det var nyttårsaftan at me hadde fått materialen heimom Sandnesvatnet. Det var byrja mørkna før me tok på heimveg. Isen var blitt utrygg, ein stad i sundet hadde isen vore borte og no frose til att.

    Me køyrde tre hestar, eg, Johannes og Gerhard. Fordi me var på heimveg var der ikkje lass på droga (sleden). Brått kom Gerhard ut på den nye isen, den brotna og hesten for gjennom. Der var omlag 6 m til botnen. Me høyrde berre ropet frå Gerhard, og bykste til. Johannes hadde ekstra lange hestetaumar, dette vart berginga. Dei to andre hestane vart sleppt laus og så hjelpte me Gerhard med å skjæra selen laus frå hesten som låg i vatnet. Medan me bala med dette brotna meir av isen, og både eg og Gerhard fór i vatnet. Han hamna oppå hesteryggen, og bala for å koma oppatt. Men no kom Johannes til med dei lange taumane han hadde løyst frå hesten sin før den vart slept.

    Me sette rennelykkje om halsen på hesten, då supa han mykje luft i seg og flotna lettare.

    Etter mykje slit fekk me hesten opp i stranda, men no var han mest ihælfrosen. Me prylte og jaga på for å få han opp, og jamen sette han føter under seg. Litt opp i lia stod hesten min, taumane hadde sett seg fast rundt nokre røter. No batt me den gjennomfrosne hesten fast i droga til min hest. Ein av oss gjekk bak for å jaga på, for hesten ville berre leggja seg ned.

    Fyrste kilometrane heimover var motbakke, og no var det blitt noko mørkt. Så bar det ned lia. Der nådde me att hesten til Johannes. Me var redd hestane ikkje ville ut på Hopevatnet no, der var isen trygg og me måtte over der. Men her gjekk det bra.

    På oss som var gjennomvåte hadde kleda frose til. Eg hadde dongerybukse, buksebeina vart som røyr. Gerhard hadde vadmelsbukser, dei vart ikkje så stive. Men det som berga oss var nok at me hadde tjukke heimestrikka ullunderbukser og -skjorter.

    Eg vart dugeleg forkjøla etter denne turen, men eg trur Gerhard og Johannes slapp lettare frå det. Hesten laut me gni med halm for at den skulle få varmen att, likevel skolv den heile natta. Men heller ikkje den fekk noko mein, eg trur Gerhard hadde den til den vart 34 år.

    Om våren køyrde me materialen ned til Tøtebakken. Hallvard plystra då den var komen så langt. Der vart og hogge noko meir material i Presteskogen. Det vart mykje material, eg trur fleire hundre buttar. Frå Tøtebakken løypte nokre karar den ned til sjøen, omlag 100 m. Der vart buttane bunta saman til flotar, og dregne etter motorbåt til saga (det er litt uvisst kvar sageplassen var, truleg Mollandssaga).

    Materialen vart lagra i fleire år, så vart den lasta på ei skøyte og teken til Hyllestad for å bli høvla og pløgd. Aldersheimen vart bygd av pløgd plank.

    Fortalt til Arnhild Eidsnes.