Skip to content

Der gatene er belagte med gull

    Denne hausten har det norske kongeparet vore på eit trevekers statsbesøk i USA. Overalt har feststemte amerikanarar med norske anar møtt fram, mange i norske bunadar, for å få eit glimt av Kongen og Dronninga, og kanskje også få handhelse på dei.

    Ein reknar at kring 8 millionar amerikanarar har norske røter; noko å tenkja på, når det berre er godt og vel 4 millionar innbyggjarar i Noreg i dag!

    Det heile starta den 5. juli 1825. Då kasta sluppen «Restaurationen» loss i Stavanger med 52 personar om bord, og frå 1840 vart det regelmessig utvandring til USA.

    Amerikafeberen greip om seg, og det toppa seg i tre store bylgjer i åra 1865-75, 1879-93 og 1903-07.

    Omlegging og etterkvart mekanisering i jordbruket resulterte i overflødig arbeidskraft, samstundes som folketalet i Noreg auka.

    Også i våre bygder var det mange som tok det store steget og reiste «over there», i von om ei betre framtid for seg og sine.

    Frå utvandrararkiva går det fram at kring 550 personar reiste over til Amerika frå Masfjorden før 1925. Det er derfor knapt ein gard i kommunen som ikkje har slekt i USA. Frå heile Noreg utvandra kring 800.000 til Amerika. Nokre av desse kom heimatt og slo seg ned i gamlelandet etter ei tid i den nye verda. Andre gjorde ein eller fleire turar «oppatt til Noreg», som dei gjerne sa. Og det var stas når det kom amerikabesøk. Då vart det kokt rømmegraut, sjølv om slåttonna ikkje var begynt. Og ved kyrkja såg alle kven som var amerikanar, for dei gjekk i frakk, og nokre røykte til og med sigar.

    Men svært mange såg seg aldri råd til å vitja gamlelandet og slekta si der. Ein av desse var Malena Nilsdotter Kalhovde, fødd 14.oktober 1870. Ho var berre 12 år då mor hennar døydde. Sidan det var heller tronge kår i heimen, laut ho straks ut i teneste, så ho fekk tidleg læra seg å ta eit tak. Malena hadde tre eldre systre og ein eldre bror. Systrene vart gifte på Mongstad, på Solheim og i indre Haugsdalen. Broren budde ei tid på Tysnes. I 1893 var Malena hjå han. Der trefte ho ein kar frå grannegarden, Haakon Gjersvig. Han laut også taka teneste i ung alder. 12 år gamal mønstra han på som byssegut, og 18 år gamal reiste han til Amerika. Der dreiv han som gardsarbeidar i Minnesota. Ein fjern slektning hjelpte han med billetten over. Reisa kosta $ 65, og kvar dollar vart betalt attende. Etter 7 år hadde Haakon spart seg opp $1.000, og så bar det heim til gamlelandet, for å finna seg ei norsk kona.

    Malena hadde lenge drøymt om å reisa til Amerika, «der gatene var belagt med gull». Ho trong derfor ikkje lang tid til å bestemma seg, då Haakon fridde og ville ha henne med seg over havet til den nye verda.

    Pages: 1 2 3