Skip to content

Dagfinn Haugsdal

    I samband med feiringa av fredsjubileet vart det ofte understreka i media kva for ein stor innsats den norske handelsflåten gjorde under krigen. Det kom fram at England og dei allierte i ein periode var heilt avhengige av den norske tankflåten til oljetransport over Atlanteren frå USA: ( I dag går oljetransporten frå Europa til USA).

    Ja, det vart sagt både frå engelsk og amerikansk hald at den norske handelsflåten var like viktig i kampen for frigjeringa som ein million utrusta soldatar. Ein av dei som var med i heile denne kampen var Dagfinn Haugsdal.

    Han reiste ut i 1938 med D/S Brandanger frå Westfal-Larsen sitt rederi i Bergen. I 1940 kom dei gjennom Panamakanalen og vart med i ein konvoy på 36 skip som skulle til England. Ruta gjekk opp langs New Foundland der det var skifte av eskortefartøy før dei la ut på Nord-Atlanteren. Og der skjedde det. Dei vart angripne av fleire tyske ubåtar, og heile konvoyen vart riven opp. Av 36 skip var det berre 8 som kom fram til England. Det var 3 båtar med frå Westfal-Larsen, og alle vart torpederte og gjekk ned. Dagfinn veit sikkert at på M/S Davanger var det 19 mann som omkom, og frå båten han var med på, omkom 6. Sjølv kom han seg opp i ein livbåt der det var 16 mann ombord. Alle desse vart redda av ein engelsk korvett som var med i eskorten, og som etter ei veke sette dei i land i Liverpool i England. Der var Dagfinn til januar 1941 då han av Nortraskip vart mønstra på ein Wilhelmsen-båt som gjekk med krigsmateriell til Nord-Afrika. Gibraltar var då stengd så dei måtte gå rundt Syd-Afrika og gjennom Suezkanalen.

    Neste tur gjekk til Australia for å ta del i transport av ein divisjon soldatar til Afrika. Seinare kom han om bord i andre skip og måtte to gonger i land i Syd-Afrika for sykehusbehandling av betennelse i kjeven.

    I 1944 var han ombord i ein tankbåt som gjekk frå Malta og ut Gibraltar som då var opna att, og til New York. Tankbåten fekk der ny last for England, og Dagfinn hugsar at dei ga bunkers til allierte marinefartøy underveis. Dei slepte ut ein slange med bøye som vart fiska opp av båten som skulle ha olje pumpa over.

    Den 8.mai 1945 kom båten Dagfinn var på, inn til Brooklyn, New York og han fekk der høyre om freden i Europa. Men han reiste ikkje heim då. Han fortsatte å segla. Det vart fleire båtar og det vart turar til både Afrika, Asia og Australia.

    I 1948 tok han ein ny båt frå New Orleans til Le Havre i Frankrike. Der mønstra han av for å reise heim. Det gjekk med tog til Paris, der det tok 5 dagar å få ordna med nødvendige papir for å kunne reise gjennom det okkuperte Tyskland. Til Bergen kom han med tog i juli 1948. Då hadde Dagfinn Haugsdal vore heimanfrå i 10 år, og i fem av desse hadde han vore om bord i båtar som gjekk med farleg last for krigførande makter. Og alle var norske båtar.

    For sin innsats under krigen er Dagfinn Haugsdal tildelt Deltakarmedaljen, Krigsmedaljen og Kong Håkon den Sjuendes friheitsmedalje. Den siste vart utdelt ved eit arrangement i Håkonhallen i Bergen den 12.juni 1989 der også ordføraren i Masfjorden var tilstades.

    Same medaljen vart der tildelt Konrad Gabriel Reknes, Post Mortem. Også han hadde vore ombord på ein båt som vart torpedert under krigen. Konrad G. Reknes er nemnd i Masfjordboka, bind II, der ein finn namnet på ialt 8 masfjordingar som segla i den Norske handelsflåten under krigen.

    Dagfinn Haugsdal som bur i Leirvågen ved Risnes, kan vise oss si avregningsbok med hyrekontrakt frå 1940. Denne hadde han i ein vasstett pose om halsen då han vart torpedert 11.oktober 1940. I boka kan ein lese at hyra var kr 39,-pr.månad. Frå dette beløpet vart trekt kr 20,- som vart sendt heim ( før 9.april 1940 ). Overtid skulle betalast med kr l,- pr.time. Avregningsboka er eit unikt krigsminne som me vonar me får til Bjørn West-muséet.

    Jonas Riisnes