Skip to content

Mjølkelag og meieri i Masfjorden

    I ei bok om Meieribruket i Hordaland som kom ut i 1949, går det fram at fylket fekk sine første meieri i 1870-åra og at Seimstrand meieri i Seim vart skipa alt i 1885.

    Om Masfjorden heiter det frå den tida: «Masfjorden låg gøymd og gløymd og det var lenge før fylkesagronomen eller andre landbrukskunnige fann vegen dit.»

    Fyrste fesjået vart halde i Masfjorden i 1873, og året etter reiste fylkesagronomen rundt i bygda. Han fann at gardane var godt stelte, men det var vanleg med svelteforing om vinteren for å ha mange dyr å sleppe på dei gode fjell-beitene om sommaren.

    I 1884 var der 2101 storfe og 4800 småfe (sauer og geiter) i Masfjorden. Etter fylkesagro­nomen si meining var dette minst 700 storfe og 1000 småfe for mykje. Hesten fekk mykje betre fóring enn kyrne, og ei 35 år gamal merr på Haugsøyna vart godt fóra. (Til samanlikning kan nemnast at Masfjorden i dag har 712 storfe og 4.426 sauer).

    I boka er nemnd at opphavsmannen til meieridrift i Masfjorden var Lars N.Kvinge og at i Austfjorden vart Hope og Kvinge meieri skipa i 1920. Om desse to meieria har Eivind Kvinge skrive eit eige stykke.

    Masfjorden mjølkelag 1953 – 1967

    I Nordbygda og Indrefjorden vart gardane drevne på den gamle måten. Dei separerte to gonger på dagen, og laga smør og ost heime. Slik var det til først i 1950-åra. Men då var det fleire som ville ha ei endring, og dei starta å skipe eit mjølkelag i Masfjorden. Det ein tok sikte på var å få til ein mottaksstasjon for mjølk i huset til handelsmannen på Risnes. Dei som tok initiativet og kom med i det første styret var : Harald H.Molland, formann, Arne E.Riisnes, sekretær, Gustav Totlandsdalen, Alfred Nordli og Trygve Haugsdal. Mottaks­stasjonen, eller meieriet som det vart kalla, heldt til i den delen av handelsmannen sitt hus der det er lager i dag, mot bua. Som første meierist vart tilsett Ludvig Sleire M 1.april 1953. Han hadde då erfaring frå tidlegare arbeid på Lindås meieri.

    Ludvig fortel at det var strenge krav til hygiene. Heile lokalet måtte skrubbast og vaskast rundt. Spann som ein fekk frå Bergensmeieriet måtte stimast kvar gong før ein fyllte mjølka på dei. Stimen fekk ein frå ein kjele som ein fyrde med bjørkeved. Mjølka vart henta rundt på gardane kvar morgon. To spann på kvart bruk. Eitt for kveldsmjølk og eitt for morgonmjølk. Kjell Sleire køyrde med sin lastebil, og han henta først i Haugsdalen og på Rambjørg og leverte i Vikja. Deretter køyrde han til Tangedalen, Buskehaugen, Nordvang, Frøyset, Sleire og i Dalane og rakk ned att i Vika i 11-12 tida.

    Det var då omlag samstundes med at Leif Sætre med sin motorbåt, også kalla «Melkesedek», kom med mjølk frå Rekneset, Ådnekvam, Andvika, Bugen, Duesund, Arekletten og Hosteland. (Indrefjorden, Masfjordnes og Austfjorden var ikkje med).

    Men om vinteren kunne snø på vegen og is på fjorden føre til store forseinkingar. Jofrid Sleire fortel at Kjell måtte lage snøplog til bilen sin. Noko brøyteteneste fanst ikkje den gongen. Og ved store snøfall hende det at han ikkje kom heimatt før langt ut på dag. Leif Sætre monterte ishud på båten sin, men sjølv med den på hende det at han ikkje kom seg gjennom Skjelsundet men måtte gå rundt Areklettongen.

    Atle Sætre som stundom vikarierte for faren, fortel at i ein periode fylgde skuleborna mjølkeruta kvar morgon frå Ådnekvame til Andvika.

    Det var berre dei første åra at mjølka vart førd med båt frå Hosteland. Seinare køyrde Kjell også til Hosteland og henta.

    På Risnes vog Ludvig mjølka og førde lister for kvar leverandør. Mjølka vart så slått over i 50-liters-spann som var plasserte i eit støypt vasskar med is for kjøling. Mjølkespann til kjøling måtte rørast i både om ettermiddagen og då ho vart levert. Om sundagen leverte ein med rutebåten som gjekk til Bergen. Dei andre dagane vart det levert til M/S Matredal som tok spanna ombord og leverte dei til buss på Fanebust for transport til meieriet i Bergen.

    Prøvar vart tekne i små glass som stod i varmebad for å teste haldbarheita (Reduktaseprøver). Dårleg mjølk kom i klasse II eller III,som førde til reduksjon i prisen. Prøvar for feittinnhald vart tekne i eigne nummererte glas og sende til Bergensmeieriet som bestemte feittprosenten. Høg feittprosent og Klasse I vart best betalt.

    Is til kjøling vart skoren på Rambjørgsvatnet om vinteren. Dette tok fleire dagar og alle var med under leiing av Harald H. Molland. Isen skar ein med kappsag eller motorsag i blokker på opp til 50 kg som vart køyrde med hest opp til vegen. Der kom Kjell med bilen sin og køyrde dei til ishuset i Vikja. Ishuset som dei hadde bygt på dugnad, stod ovanfor det gamle posthuset der vegen går ned til fiskemottaket i dag. Isen vart lagra i sagmugg, og meieristen henta det han trengde i trillebor.

    Etter nokre år fekk dei eit kjøleaggregat som tente som frysemaskin. Attende frå Bergensmeieriet kom det skummamelk, smør og ost som vart returnert til leverandørane med tomspanna.

    Ikkje alle bøndene var med og leverte mjølk. I Nordbygda var det fem bønder som heldt fram med å kinna smør heime. Dette leverte dei usalta til Sandnes der det var mottak for usalta smør, også frå Indrefjorden. Frå Sandnes vart smøret sendt vidare til Bergensmeieriet for elting og salting.

    Etter Ludvig Sleire var Hans Per Torsvik meierist. Deretter tok Gerhard Henry Daae over, så Kåre Torsvik og til sist var det Erik Rambjørg som styrde mjølkemottaket i Vikja.

    Hans Per Torsvik seier at då han var meierist, var det i alt 22 leverandørar av mjølk på Sleire/Saghaugen/Løveide. I dag er det ingen.

    Mottaksstasjonen på Risnes vart nedlagt i 1967 då meieriet i Duesund opna.

    Bergensmeieriet, avdeling Duesund, 1967 – 1991

    Utbygginga av vegnettet på Vestlandet førde til at all transport gjekk meir og meir over frå sjø til land. I Gulen og Masfjordenområdet var ein i 1964 komen så langt med vegbygging at Bergensmeieriet tok til å planleggja å samla all mjølk frå dette distriktet til ein leveringsstad. Og den 24.mars 1966 vedtok rådet i Bergensmeieriet å byggje ein ny mottaksstasjon ved ferjekaien i Duesund.

    Det nye meieribygget i Duesund stod ferdig 1. april 1967. Dette meieriet skulle ta imot mjølk frå Gulen, Masfjorden og ein del av Høyanger kommunar, og det førde til at mottaksstasjonane på Risnes, Kvingo, Eivindvik, Dalsøyra, Nordgulfjorden og Austgulfjorden vart nedlagde.

    I Duesund vart mjølka kjølt ned for vidare transport i tankbil til Bergen. Tankbilen hadde med seg konsummjølk attende frå Bergen til Duesund, og derfrå vart ho sendt med spannbilane ut til butikkane i distriktet. Varer som ost, smør, skummamjølk, tørrmjølk og vaskemidlar vart også sendt med spannbilane attende til leverandørane.

    Frå Indrefjorden kom mjølka med bilferja frå Solheim i spann plasserte i ein kjøletilhengjar som meieriet henta med traktor på ferja. Seinare vart mjølka frå Indrefjorden køyrt om Brekke.

    Frå Sørsida var det Gottfred Kvingedal som køyrde i alle år og leverte på meieriet i Duesund. I Duesund vart mjølka vegd og det vart ført lister for kvar leverandør. Det vart også tekne prøver for kontroll av feitt, reinhald og smak som vart sende til Bergen for analyse.

    Frå 1967 til 1984 hadde Duesund meieri spannmottak, og det kom 5 spannbilar frå Masfjorden, Gulen og frå Ikjefjorden og Ortnevik i Høyanger. Frå 1984 -1986 la meieriet om frå spannmottak til å hente frå gardstankar som vart installerte på kvart bruk.

    Mange stader var terrengtilhøva slik at det var svært vanskeleg å kome til med tankbil på garden. Difor var det nødvendig sume stader å suga opp mjølka frå spann som var køyrde fram til hovudvegen. I heile Bergensmeieriet sitt distrikt var Duesund meieri det siste som kom over til å få hente mjølka på tankbil.

    Mjølkemengda var då på 6 millionar liter pr. år. Dette opplyser Karl Andersen som var meieribestyrar frå 1972 til meieriet vart lagt ned i 1991. Både han og kona Rigmor Andersen var heile tida tilsette ved meieriet, og i periodar var ein person i tillegg.

    Då Duesund meieri gjekk over til tankhenting, vart det sett inn ein eigen bil for konsummjølk. Denne køyrer kvar dag frå Bergen og leverer til butikkane rundt om i distriktet.

    I 1974 vart meieriet i Duesund påbygt eit fryserom til å ta imot fisk og bær. Karl Andersen fortel at ein om sommaren kunne ta imot tonnevis med skogsbær og hagebær her frå distriktet. Når bæra om hausten vart leverte til saftproduksjon, fylte ein fryserommet med oppdrettsfisk, regnbogeaure og laks. Fisken vart sendt vidare med trailer til Minde og delvis til utlandet. Etter at Bergensmeieriet kom i alvorlege økonomiske vanskar i 1978, vart det slutt på mottak av bær og fisk.

    Og i 1991 vart Duesund meieri lagt ned. Mjølka vert i dag henta hjå bøndene med tankbil og køyrt direkte til Bergen.

    Bergensmeieriet har fått skrive to bøker om meieridrift i Hordaland, desse er:

    Nils Tveit : «Meieribruket i Hordaland», som kom ut i 1949 og
    Karl Westre, «Bergensmeieriet 1964-84», som kom ut i 1988.

    Jonas Riisnes