Skip to content

Containar henta opp frå Krokevatnet

    Heilt komplett var han, containaren som vart henta opp frå 80 meters djupn i Krokevatnet 13- juli i år.

    Den hadde festeklemmer og stroppar festa til ein hovudfallskjerm, og ein liten utløysarskjerm med ein mekanisk utløysarmekanisme, som kunne tidsinnstillast. Denne spesielle mekanismen vart utprøvd for første gong i april 1945 i Masfjordfjella.

    Ikkje alle verka som dei skulle, og difor gjekk mange containarar i bakken eller gjennom isen med full kraft, det er ein slik Henry Kvamsdal har fått opp med ein miniubåt han har laga sjølv i verksemda han driv på Stord.

    Mekanismen, som det finst berre få av i landet, har me utstilt på Bjørn West-muséet. Containaren er i Bergen til konservering, og av innhaldet er mellom anna skjorter, gensarar, ullsokkar og diverse proviantboksar tatt vare på på muséet.

    Jonas Riisnes